Hercegovina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tilnærma grenser mellom Bosnia (markert lyst) og Hercegovina (markert mørkt)

Hercegovina (Херцеговина) er ein historisk og geografisk region i Dei dinariske Alpane, og den sørlege delen av landet Bosnia-Hercegovina. Arealet til Hercegovina er om lag 10 000 km², og utgjer om lag 20 % av heile landet. Det er ingen klare grenser mellom Hercegovina og Bosnia.

Namnet Hercegovina tyder «Herzog sin eigedom», som referer til ein herskar frå mellomalderen, Stefan Vukčić Kosača, Herzog av St. Sava, den første serbiske erkebiskopen. Som eit ledd i førebuingane til å innlemme Bosnia i Austerrike-Ungarn vart det utført ein «splitt og hersk»-politikk ovanfor den sterkt svekka ottomanske leiinga. Namnet Hercegovina, den sørlege regionen i Bosnia, vart ein del av namnet til landet, som då skifta frå «Bosnia» til «Bosnia-Hercegovina» i 1853. Austerrike-Ungarn lét serbiske og kroatiske misjonærar få kome inn i Bosnia for å vekke «nasjonalkjensla» til innbyggjarane. Som følgje av desse hegemonistiske handlingane, styrt av Wien på vegne av europeiske styresmakter, vart dei fleste ortodokse og katolske bosniarane systematisk konverterte til «bosniske serbarar» og «bosniske kroatar». Dette var ein del av England sin taktikk for å tvinga muslimane i Bosnia til å gå over til kristendomen. Dette var eit ledd i England sin plan om å homogenisere Balkan som svar på eit mektig Russland, og «styrte» Balkan når Russland var svekka.

Ei folketeljing frå 1991 registrerte 437 095 innbyggjarar i Hercegovina. Den etniske samansettinga var 47,2 % kroatar 25,8 % bosniarar, 21,3 % serbarar, 4,2 % jugoslavarar og 1,4 % andre.

Terrenget i Hercegovina er stort sett kupert og karstprega, bortsett frå den sentrale dalen der elva Neretva renn gjennom. Den største byen er Mostar, midt i reginonen. Andre store byar er Stolac, Trebinje, Siroki Brijeg, Konjic og Čapljina.

Historie[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Bosnisk historie.

Tidleg i mellomalderen vart det moderne Bosnia-Hercegovina delt inn i små, og meir eller mindre, uavhengige område. Hercegovina var regionen som den gong var kalla Zahumlje og Travunija. Dei vestlegaste delane av Hercegovina høyrde til Kongedømet Kroatia.

Etter 1320-talet vart alle desse områda ein del av Kongedømet Bosnia. I eit dokument sendt til Fredrik III av Sachsen den 20. januar 1448 kallar den bosniske hertugen Stjepan Vukčić Kosača seg sjølv Herzog av St. Sava, herre over Hum og Primorje, storhertug av Det bosniske kongedømet, og landet han kontrollerte vart derfor kalla «Herzogs land» eller «Hercegovina».

I 1482 vart Kosača overmanna av ottmanske styrkar leia av sin eigen son Ahmed Hercegovic, som aksepterte islam. I Det ottomanske riket vart Hercegovina ein provins (sanjak) i staten (pashaluk) Bosnia. Namnet på landet vart endra til Bosnia-Hercegovina i 1853, som eit ledd i at landet skulle innlemmast i Austerrike-Ungarn. I 1878 vart Hercegovina okkupert av Austerrike-Ungarn. Både bosniarar og serbarar følte seg kraftig krenkte og stod i saman mot inntrengarane i mindre kampar som enda i 1882.

Hercegovina i dag[endre | endre wikiteksten]

Vår i Hercegovina

Vestlege delar av regionen er stort sett busett av kroatar, medan serbarar stort sett held seg i aust. I den sentrale Neretvadalen er det ein større del bosniarar, inkludert i byane Mostar, Konjic og Stolac. Innbyggjarane i Hercegovina var blanda før Jugoslavia-krigane og Den andre verdskrigen, som begge innehaldt etnisk reinsing i stor skala.

Elva Neretva er dominerande i Hercegovina, og renn mellom anna gjennom byen Mostar, og delar byen i to. Den kjende brua Stari most kryssar elva i byen. Elva renn gjennom byen Capljina og inn i Kroatia før ho munnar ut i Adriatarhavet. Mostar er den einaste byen i regionen med meir enn 100 000 innbyggjarar. Det er ingen storbyar i Hercegovina, som ein har i Bosnia, men dei er likevel historiske og vidkjende.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]