Herculaneum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Herculaneum (it. Ercolano) var ein romersk by ved Napolibukta på ein stad som i dag er byen Ercolano (kring 55 000 innbyggjarar i den italienske provinsen Napoli i Campania. Herculaneum delte skjebne med Pompeii, og vart lagd øyde i samband med eit utbrot frå vulkanen Vesuv den 24. august 79. I motsetnad til Pompeii der innbyggjarane vart gravlagd i oske, omkom innbyggjarane i Herculaneum av dei giftige gassane frå utbrotet. Herculaneum hadde på den tida kring 5 000 innbyggjarar. Herculaneum var rekna som ein rikare by enn Pompeii.

Herculaneum står på UNESCO si liste over verdsarv.

Bilete frå Herculaneum[endre | endre wikiteksten]