Herefordfe
Herefordfe kjem opphavleg frå Herefordshire i England. Meir enn fem millionar av rasen fins kring om i femti land. Eksporten av feet starta i 1817 då fe vart sende frå England til USA. Canada, Mexico og deler av Sør-Amerika tok etter ganske raskt. I dag er rasen vanleg i Australia, Russland, Israel, Japan, det kontinentale Europa og Skandinavia. Feet er særleg knytt til dei tempererte stroka i Canada, USA og Russland. På den sørlege halvkula er det mykje i bruk i Australia, tisvarande i det sentrale og austlege Argentina, i Uruguay, og i New Zealand der rasen er den vanlegaste storferasen. Rasen vert hovudsakleg brukt i kjøttproduksjon. Med omsyn til storleik står Herefordfeet i ei mellomstilling, lettare enn Charolais, men tyngre enn Høglandsfeet.
[endre] Historie
Herefordfeet vart avla fram i Storbritannia kanskje så tidleg som i det 17. hundreåret og set framleis preg på landsbygda i Herefordshire. Seinare har det kome til ein kollut variant av rasen. Herefordfeet har vorte avla for roleg temperament, rask vekst og god kjøttkvalitet.
[endre] Kjelder og lenkar
- Artikkelen er bygd på omsetjing frå engelsk wikipedia.
- World Hereford Council
- American Hereford Association
- Australian Hereford Society
- Canadian Hereford Association
- Irish Hereford Society
- List of Hereford Associations
- New Zealand Hereford Association
- UK Hereford Society
- Polled Hereford Breed Information - Cattle.com
- American Hereford Association
- The Origin and Growth of Polled Herefords - Oklahoma State University