Herisau
| Herisau | ||
|---|---|---|
| Plassering | ||
|
|
||
| Styresmakter | ||
| Land | ||
| Kanton | Appenzell Ausserrhoden | |
| Distrikt | ingen | |
| Språk | tysk | |
| Geografi | ||
| Flatevidd - kommune |
25,17 km² |
|
| Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik |
15 236 605,3 /km² |
|
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Høgd over havet | 771 moh | |
| Diverse annan informasjon | ||
| Postnummer | 9100 | |
| Nettstad: www.herisau.ch | ||
Herisau er ein kommune i kantonen Appenzell Ausserrhoden i Sveits. Kommunen har 15 236 innbyggjarar (2010) og eit areal på 25 km². Kommunesenteret ligg 771 meter over havet. Kantonsparlamentet og kantonsregjeringa har sitt sete i kommunen, som såleis er hovudstad i kantonen.
Innhaldsliste |
Geografi [endre]
Herisau grensar i sør til kommunane Schwellbrunn, Waldstatt, Hundwil og i aust til kommunen Stein. I nord grensar Herisau til grannekantonen St. Gallen. 56,8% av arealet vert nytta til landbruk, 27,1 er skogdekt.
Demografi og språk [endre]
Folketalet har dei seinare åra vore i tilbakegang; 5,2% sidan 2000. 17,9% av innbyggarane er utanlandske statsborgarar. 87% av folket talar tysk, medan 3,8% har serbokroatisk og 3,4% italiensk til morsmål.
Historie [endre]
Herisau er første gongen nemnd i 837. Området låg under klosteret St. Gallen. Etter Appenzellkrigen braut staden med St. Gallen i 1433. Under reformasjonen gjekk Herisau med i den reformerte kyrkja og vart såleis med kantonen Appenzell Ausserrhoden. Trogen var første hovudstaden i kantonen. I 1877 vart Herisau hovudstad, men Trogen fekk behalde domstolen for kantonen.
Schwellbrunn vart skilt ut frå Herisau i 1648 og Waldstatt i 1719.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Herisau» frå Wikipedia på tysk, den 7. august 2011.
Bakgrunnsstoff [endre]
- http://www.herisau.ch (tysk) Offisiell nettstad
- Herisau på tysk, fransk og italiensk i det nettbaserte Historical Dictionary of Switzerland.