Herkulessøylene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Monument for Herkulessøylene ved Gibraltar
Ei av Herkulessøylene. Her Gibraltar og i bakgrunnen Afrika

Herkulessøylene er det antikke namnet på høgdene som ligg på sidene av inngangen til Gibraltarsundet. Dei er Gibraltar i Europa og Monte Hacho i Ceuta i Afrika. Jebel Musa i Marokko, vest for Ceuta, vert stundom rekna som ei av søylene. Søylene kan symbolisera ein port inn til Middelhavet, eller motsett, frå Middelhavet og ut til Atlanterhavet.

Dei to søylene skal markera enden på ferda til den greske sogehelten Herakles då han henta kveget til Geryon. Ifølgje Platon låg Atlantis utanfor Herkulessøylene.

Under renessansen blei det fortald at søylene hadde innskrifta Nec plus ultra eller Non plus ultra, 'ikkje noko vidare', ei åtvaring om at det ikkje fanst noko utanfor søylene og at sjøfolk ikkje burde segla vidare.

I det spanske riksvåpenet er søylene attgjevne med eit band der det står Plus ultra, 'Og forbi'. Det viser til det spanske koloniriket som likevel fanst utanfor søylene. Dette symbolet kan ha vore opphav til dollarteiknet $.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]