Herland i Bergen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Herland
stad
Herland heilt til høgre i bilete
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Bergen
Postnummer 5264 GARNES
Innbyggjarnamn Arnabu
Preposisjon Herland
Gardnummer 277

Herland er ein gard i Arna i Bergen.[1] Garden ligg vest for Takvam og sør for Sørfjorden.[1] Osterøybrua, som vart opna 3. oktober 1997, har det eine bruspennet ståande på Herland.[1] Frå 1916 til 1966 var Herland haldeplass ein av stasjonane på Bergensbanen.[1]

Namnet Herland vart vedteke av Statens kartverk 6. september 1995.[2]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Herland» (på norsk). Bergen byarkiv. Henta 3. januar 2015. 
  2. «Herland». Statens kartverk. Henta 15. februar 2015.