Herman Foss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Herman Foss måla av Jean Berg.

Herman Heinrich Mejer Foss (17. september 179021. september 1853) var ein norsk offiser, politikar og forfattar, fødd i Bergen. Foss kjempa og blei dekorert i Napoleonskrigane, han sat som stortingsrepresentant gjennom fleire år, var ordførar i Christiania, og var også president i Odelstinget og statsråd.

Liv og militær karriere[endre | endre wikiteksten]

Herman Foss var fødd i Bergen der faren, ein bondeson, var kongeleg magasinforvaltar. Då krigen mot England braut ut i 1807 søkte han seg til militæret, og i 1809 blei han sekondløytnant i artilleriet i København. Foss deltok som artillerioffiser for Danmark-Noreg i krigen mot England, og utmerka seg slik at han blei utnemnd til riddar av Dannebrog i 1811. I 1812 gifta han seg med Berte Johanne «Hanna» Næraae. I 1813 vende han tilbake til Bergen der han var stasjonert som offiser og underviste ved realskulen.

I 1818 blei han premierløytenant, i 1825 kaptein, i 1827 stabskaptein i Moss og i 1830 batterisjef i Christiania. Han blei major i januar 1843, og i juni same året oberstløytnant og bataljonsjef.

I 1831 blei Foss medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab.

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

  • 1827: Stabskaptein. Vald som 2. representant frå Bergen.
  • 1830: Stabskaptein. Vald som 1. representant frå Moss.
  • 1833: Batterichef. Vald som 3. representant frå Christiania.
  • 1836: Batterichef. Vald som 3. representant frå Christiania.
  • 1839: Batterichef. Vald som 2. representant frå Christiania.
  • 1842: Batterichef. Vald som 1. representant frå Christiania.
  • 1845: Oberstløitnant og bataljonscef. Vald som 2. representant frå Christiania og Lillehammer.

Statsråd:

  • Marinedepartementet fra 22/3-1845 til 16/10-1848.[1]

Herman Foss blei stortingsrepresentant for Bergens By i 1827 og -28 og for Moss i 1830. Han var medlem av Stortinget sin deputasjon til Stockholm i 1827. Foss var deretter stortingsrepresentant for Christiania i 1833, -36, -37, -39, -42 og -45, då han også sat som president i Odelstinget. Han var med på å utarbeida den første nasjonale sjøforsvarsplanen i 1836.

Foss var ein leiande opposisjonspolitikar på Stortinget. Han hadde ei liberal framstegstru, engasjerte seg i forsvars- og nasjonale spørsmål. Han kjempa stadig for å avgrensa makta til kongen og Sverige i og over Noreg og arbeidde hardt for at Noreg skulle få eit landvern, ei militærordning reservert til å forsvara landet. Han oppnådde ein ekspertkommisjon utnemnd av Stortinget som la fram eit forslag om eit slikt landvern i 1830.

I 1842 gjekk han inn for å oppheva grunnlovsforbodet mot jødar. Foss var også med i «den 1. unionskomité» som slo fast at statsrådar måtte skriva under for at statsrådsvedtak skulle vera gyldige, noko som skulle bli viktig under unionsoppløysinga i 1905.

Frå 1841 til -44 var han medlem av unionskomiteen i Stockholm.

22. mars 1845 blei Foss utnemnd til norsk marineminister. Han var den første statsråden som blei teken direkte frå Stortinget til regjeringa, som erstatning for H.C. Petersen etter ei stor budsjettoverskriding ved marinehovudbasen i Horten. Også under Foss blei budsjettet overskride, men han gjennomførte reformer i departementet som styrkte forspranget til marinen og la grunnen for ein meir profesjonell statsadministrasjon. Han sat som statsråd fram til 1848.

I 1839 blei Foss statsrevisor og i 1840 stortingsarkivar og medlem av den kongelege undervisningskommisjonen.

Han var også engasjert i lokalpolitikken i Christiania, og sat som ordførar i byen frå 1838 til 1841.

Flaggsaka[endre | endre wikiteksten]

Nu hvil Dig, Borger! Det er fortjent.
Nu løst er Flagget. Dit Værk er endt.

Frå diktet «Til Herman Foss» av Henrik Wergeland[2]
Communauté silhouette modif.jpg

Foss er kjend for innsatsen sin for eit reint norsk handelsflagg. Blant anna skal han ha skrive instillinga om frigjering av handelsflagget på éi natt i 1837. Dette gav han tilnamnet «Nationens Yndling», og Henrik Wergeland tileigna han diktet «Nu hvil dig Borger».[3]

Kulturengasjement[endre | endre wikiteksten]

Foss skreiv sakprosa og dikt, og var med på «1814-generasjonens kulturhistoriske opplysningsarbeid».[4] Han bidrog med stoff og utgjeving av Den norske Tilskuer frå 1817 til 1821. Han var redaktør for Budstikken, bladet til Det Kongelige Selskab for Norges Vel, frå 1832 til –34. Saman med Lyder Sagen gav han ut boka Bergens beskrivelse i 1824.

Gjendiktinga hans av Frithjofs Saga frå 1826 blei svært populær, og gjekk gjennom fem utgjevingar fram til 1860. Foss omsette også bøker av Walter Scott.

I 1832 gav han ut ei avhandling som samanlikna militærvesen i Noreg og Preussen, og ei omsetjing av J.L.F. von Liebenstein, Om staaende Hære og Landværn, med særdeles Hensyn til de tydske Stater.

Under konflikten mellom Wergeland og Welhaven gjekk han inn for kompromiss med det lange diktet Tidsnornerne frå 1835. Han forsvarte Welhaven si Norges Dæmring, men gjekk seinare også inn for at Wergeland-stykket Campbellerne skulle få oppførast i 1838.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til Dannebrogordenen blei Foss utnemnd til riddar av den svenske Sverdordenen i 1832, og då St. Olavs Orden blei stifta den 21. august 1847 blei han straks utnemnd til kommandør.

Tre gater er oppkalla etter Herman Foss; éi like under Nygårdshøyden i Bergen, éi i sentrum av Kongsberg, og éi på Ila i Oslo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]