Herman Melville

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Herman Melville (1819-91)
Fyrsteutgåva av Moby Dick, 1851

Herman Melville (1. august 181929. september 1891) var ein amerikansk forfattar, essayist og poet. Hovudverket til Melville, Moby Dick (1851), har ein særs viktig plass i amerikansk litteratur og er rekna som del av verdslitteraturen.[1]

Herman Melville var fødd til velstand, men faren mista både forstanden og formuen, og Herman måtte tidleg ut i arbeidslivet. Som ung var han i fleire omgangar til sjøs, først som tener på eit passasjerskip frå New York til Liverpool i 1839, men mest skjelsetjande på kvalfangstskuta «Acushnet» i Stillehavet frå 1841. Røynslene frå den første sjøreisa finst mellom anna i romanen Redburn (1849). Han gifta seg i 1847 med Elizabeth Shaw; dei fekk fire born. Familien budde frå 1850 i Pittsfield i Massachusetts, og frå 1863 i New York.

Debuten med Typee i 1846 vart den første av seks bøker på seks år der han utnyttar røynslene frå tida ombord.[2]

I åra etter debuten las Melville mykje, og knytte kontakt med litterært skulerte forfattarar som Nathaniel Hawthorne – som han dediserte Moby Dick til; og han ønsket etter kvart å sameine den realistiske skildringa i sjøromanane med høgare litterære ambisjonar om å «skildra livsens grunnvilkår»[2]. Dette prøvde han først i Mardi (1849), som med sine abstraksjonar og allegoriar vart uvenleg mottatt i samtida.[2] Med Moby Dick lukkast han derimot med å skape «ei fantastisk blanding av realistisk roman, naturvitskapleg reisejournal og prosalyriske visjonar»[3] Verket vart likevel ikkje særleg god motteke ved utgjevinga, og fekk først sin noverande posisjon som klassikar då Melville vart oppdaga på ny i 1920-åra.[4] Moby Dick vert til og med i nokre verk framstilt som eit «rejält fiasko»[5], og då heller ikkje romanen Pierre (1852) gjorde lukke hos publikum med sin «lammande ambivalens overfor mennesket sjølv»,[2] mista Melville etter kvart trua på at han kunne livnære seg og familien som forfattar.

I 1863 vart han tollinspektør i New York, og vart verande i dette yrket. I den seinare forfattarskapen kan ein nemne Bartleby (1853), ei surrealistisk kvardagshistorie frå kontormiljø[6], Benito Cereno (1855) om eit mytteri og den uferdige Billy Budd, som først utkom i 1924.

På norsk finst Tai-pi (1941, Typee), Billy Budd (1949), Redburn (1953) og Moby Dick. Novella «Bartleby» finst i antologien Amerika forteller. 1 (1973).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Moby Dick» i Store Norske Leksikon
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Sigmund Skard. «Amerikansk litteratur». I: Verdens litteraturhistorie; bind 8; Realismen. Redigert av Edvard Beyer mfl. Cappelen, 1972
  3. Tore Zetterholm. Levende litteratur, fra Gilgamesj til Dylan. Bokklubben, 1986. ISBN 82-525-1283-6
  4. Melville «Herman Melville» i Store norske leksikon, snl.no.
  5. Bernt Olsson og Ingemar Algulin. Litteraturens historia i världen. Stockholm. Norstedts, 1990. ISBN 91-1-943422-7
  6. Litteraturklubben om Bartleby

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Herman Melville