Herman Scheel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Herman Carsten Johannes Scheel (19. januar 185929. september 1956), fødd på Hamar, var ein norsk jurist, Høgsterettsjustitiarius 1920-1929, og justisminister 1910–1912.

Scheel blei student i 1876 og cand. jur. i 1881. Etter studieopphald i Berlin og London blei han i 1887 universitetsstipendiat og dosent i rettsvitskap ved universitetet i Kristiania. I 1892 blei han dr. jur., og 1893–1898 var han konstituert som professor medan professor Francis Hagerup var statsråd. 1898–1910 og frå 1912 var han høgsterettsassessor. Han var statsråd og sjef for justisdepartementet (justisminister) i Wollert Konow si regjering frå 1. februar 1910 til 15. februar 1912, for Høgre. Frå 1912 var han dommar i Høgsterett, og frå 1920-1929 Høgsterettsjustitiarius.

Han var gift med Sara Leonore Sandberg og hadde fem born.

Scheel blei utnemnd til kommandør med stjerne av St. Olavs Orden. Han blei også tildelt storkors av Italias kroneorden.[1]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Om egtefællers formuesforhold (1892)
  • Forelesninger over norsk tingsræt (1901, 1905)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

som oppgav:

  • Illustreret norsk konversationsleksikon, bd. VI. Aschehoug, 1913

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Verdens Gang, 1. oktober 1956.