Herman Wedel-Jarlsberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Johan Caspar Herman Wedel-Jarlsberg

Johan Caspar Herman greve (von) Wedel-Jarlsberg ((21. september 177927. august 1840) var ein norsk politikar. Grevetittelen kom av adelsslekta Wedel-Jarlsberg.

Han vart fødd som eldste son av Anton von Wedel-Jarlsberg, ein dansk minister av tysk opphav. Ved universitetet i København studerte han jus, statsvitskap og filologi. I 1810 gjekk han inn i dansk statsteneste og vart amtmann i Buskerud amt. Etter at faren døydde arva han grevskapet Jarlsberg ved Oslo. Under krigen mot Sverige danna og leia han eit eige frikorps. Då Kielfreden i 1814 i røynda avsto Noreg til Sverige, gjekk han som medlem av nasjonalforsamlingaEidsvoll inn for samband med Sverige på visse vilkår. I 1822 vart han stilt for riksrett på grunn av eit statslån teke opp i Berlin, men frikjend. Han trekte seg deretter attende til godset sitt. Trass i dette vart han vald inn på Stortinget, og vart i 1836 utnemnd til statthaldar i Noreg med fullmakt som visekonge.

Han døydde i Wiesbaden i Tyskland.

[endre] Bakgrunnsstoff

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk