Hermaness

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lengst nord på Hermaness med utsyn til mellom anna Muckle Flugga og Out Stack.
Foto: Bob Embelton

Hermaness er det nordlegaste neset på Unst, den nordlegaste busette av Shetlandsøyane i Skottland. Ho består av sjøklipper og lyngheier.

Hermaness naturreservat[endre | endre wikiteksten]

Hermaness har vore eit nasjonalt naturreservat sidan 1955 og vert i dag styrt av Scottish Natural Heritage, sjølv om landområdet er eigd av Edmonston-familien frå Baltasound.[1] Her hekkar havhest, havsule, toppskarv, storjo, lundefugl og lomvi. [2]

Naturreservatet omfattar òg Muckle Flugga og Out Stack som ligg utanfor.

Frå 1972 til 1995 heldt ein svartbrynt albatross til på neset, ein særs sjeldan fugl på den nordlege halvkula. Fuglen fekk kallenamnet Albert og var ein stor attraksjon for fuglekikkarar.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «nature-shetland.co.uk». http://www.nature-shetland.co.uk/snh/hermaness.htm. 
  2. «Scottish Natural Heritage om Hermanness NNR». http://www.nnr-Skottland.org.uk/reserve.asp?NNRId=1. 
  3. Anon (1987) The Black-browed Albatross in Shetland Twitching Vol 1 No 6 s. 160-162

Koordinatar: 60°50′14″N 0°53′0″W