Hermann Minkowski

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
De Raum zeit Minkowski Bild.jpg

Hermann Minkowski (22. juni 186412. januar 1909) var ein polsk-tysk matematikar og teoretisk fysikar av litauisk og jødisk avstamming.

Minkowski er mest kjent for å ha skapt og utvikla geometri av tal, og for å bruke ulike geometriske metodar for å løyse vanskelege matematiske problem innan emne som talteori, matematisk fysikk og relativitetsteorien. Verka hans Geometrie der Zahlen (1909) og Diophantische Approximationen (1907) vert rekna som klassiske på dette området. Han var professor i Bonn, Königsberg, Zürich og Göttingen.

Allereie som student ved Königsberguniversitetet i 1883 vart han tildelt den matematiske prisen av Det franske vitskapsakademiet for manuskripta hans andsynes teorien om kvadratiske former, der han synte eit heilt tal som summen av fem kvadrattal. Han var òg ein god ven av den kjende tyske matematikaren David Hilbert.

Bror til Hermann, Oskar Minkowski (1858-1931), var ein kjend lege og forskar i Tyskland. Han var professor saman med den kjende greske matematikaren Constantin Carathéodory.

Han har fått asteroiden 12493 Minkowski kalla opp etter seg på grunn av prestasjonane sine innanfor fleire område av matematikk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]