Hermann Weinbuch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hermann Weinbuch (fødd 22. mars 1960) er ein vesttysk, tidlegare kombinertløpar frå Bischofswiesen i Bayern. Han vart verdsmeister i kombinert i 1985, både då og to år seinare fekk han VM-gull i lagtevlinga. I ski-VM 1987 vann han elles bronsemedaljen i det individuelle rennet.

Sidan 1996 har han vore landslagssjef for Tysklands kombinertlandslag.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Weinbuch vart junior-europameister i kombinert både i 1978 og 1979. I sitt fyrste, store internasjonale meisterskap, vinter-OL i Lake Placid i 1980, vart han nummer 16. To år seinare, i verdsmeisterskapen på ski i Oslo, kom han i mål til ein 13. plass. Deretter kleiv han til ein åttandeplass i vinterleikane 1984 i Sarajevo.

Frå 1985 høyrde Weinbuch til den ypparste verdseliten i kombinertøvinga. På nyåret tok han sin fyrste siger i verdscupen i Schonach, og to veker seinare feira han sin største triumf då han vart verdsmeister i kombinert i Seefeld, framom norske Geir Andersen. Han var også med på Vest-Tysklands lag som tok gullet i lagkonkurransen. I mars 1985 gjekk han til topps i kombinerttevlinga i Holmenkollen, også der var det Geir Andersen som vart nummer to.

Weinbuch vann i 1986 verdscupen i kombinert. Gjennom sesongen noterte han seg for fire sigrar, to andreplassar og ein tredjeplass. Etter ein svak fyrste del av 1987-sesongen, kom han sterkt tilbake i VM på vesttysk heimebane. Under VM 1987 i Oberstdorf fekk han bronsemedaljen i den individuelle rennet, og var sidan med på å forsvare lagtittelen. Han stod på pallen i alle dei fire verdscup-tevlingane etter ski-verdsmeisterskapen, og avslutta si tid som aktiv med å vinne kombinert i Holmenkollen, med dei norske VM-heltane, Trond Arne Bredesen og Torbjørn Løkken, på dei neste plassane.

Weinbuch vart då i 1987, saman med Matti Nÿkänen, tildelt Holmenkollmedaljen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar