Hermansverk Tekstilarbeiderforening

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hermansverk Tekstilarbeiderforening var eit lokallag av Norsk Tekstilarbeiderforbund som organiserte tilsette i tekstilindustrien på Hermansverk i Leikanger, Sogn og Fjordane. Foreininga vart skipa 19. august 1932 som ein protest på urettvise permitteringar og oppseiingar av dei tilsette ved Sygna Uldvarefabrik under den økonomiske krisa. Det fyrste styret bestod av Olav Lund (formann), Ingeborg Bjørk (viseformann), Anders Nyheim (kasserar), Johannes N. Henjum (sekretær) og Marie Nyheim. 1. april 1982 vart foreininga lagd ned i samband med at ullvarefabrikken vart lagd ned og produksjonen flytt til Sandnes.