Heroes and Villains

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heroes and Villains
Singel av The Beach Boys
frå albumet Smiley Smile
Språk engelsk
Utgjeve 24. juli 1967
Innspelt Oktober 1966 (akkompagnement og første to vers), 27. februar 1967 (akkompagnement refreng) 12. til 14 juni 1967 (resten)
Sjanger Psykedelisk pop
Lengd 3:36
Selskap Capitol
Komponist Brian Wilson
Tekstforfattar Van Dyke Parks
Låtskrivar(ar) Brian Wilson
Van Dyke Parks
Produsent The Beach Boys
The Beach Boys-kronologi 
«Then I Kissed Her»
(1967)
Heroes and Villains «Gettin' Hungry»
(1967)


«Heroes and Villains» er ein song skriven av Brian Wilson frå The Beach Boys og Van Dyke Parks. Songen var meint som det sentrale stykket på SMiLE, eit album av The Beach Boys som aldri kom ut (det vart spelt inn av Brian Wilson i 2004 som Smile). Fleire utgåver av songen vart spelt inn av The Beach Boys mellom 1966 og 1967.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Songen vart skriven tidleg i 1966. «Heroes and Villains» var det første samarbeidet mellom Wilson og Parks. Då Wilson spelte melodien til han første gong, skal Park visstnok ha kome med opningslinja med ein gong. Forskjellige musikalske tema i songen dukkar opp i fleire andre songar og musikalske fragment på Wilson-utgåva av SMiLE.

Teksten til «Heroes and Villains» er eit døme på allusoriske og lekande måten Parks skreiv for SMiLE, ein kombinasjon av erfaringar, kjensler og tankar frå både Wilson og Parks. I lag med «Surf's Up» og «Cabinessence» er teksten av dei mest komplekse og fleirtydige av songane til The Beach Boys.

«Heroes and Villains» vert generelt rekna som den første songen skriven for SMiLE, men «Barnyard» og «I'm in Great Shape» kan ha vorte skriven på same tid. «Good Vibrations» vart skriven tidlegare, men var opphavlegmeint for Pet Sounds.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Innspelinga av songen var ein lang og vanskeleg prosess. Wilson la bort dei andre songane frå SMiLE mot slutten av 1966 og konsentrerte seg om å få ei utgåve av «Heroes and Villains» ferdig for singelutgjeving. Trass i minst tjue innspelingar over ein periode på fleire månader vart han aldri nøgd med resultat før mai 1967 då det var kjend at SMiLE hadde vorte skrinlagt.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Fleire forskjellige utgåver av songen finst. Ein vart gjeven ut som singel i juli 1967 (12. plass i USA) og ein anna på albumet Smiley Smile i september 1967. Den originale SMiLE-utgåva vart til slutt gjeven ut som bonusspor på CD-utgåva avSmiley Smile/Wild Honey i 1990.

Songen vart spelt inn på ny i 2004 av Brian Wilson for hans utgåve av SMiLE.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1967) Plassering
UK Singles Chart[1] 8
US Billboard Hot 100[2] 12

Musikarar[endre | endre wikiteksten]

Smile:

Smiley Smile:

SMiLE:

  • Brian Wilson - solovokal, keyboard
  • Scott Bennett - vokal, keyboard
  • Nelson Bragg - vokal, perkusjon, fløyte
  • Jeffery Foskett - vokal, gitar
  • Probyn Gregory - vokal, gitar
  • Jim Hines - trommer
  • Bob Lizik - bass
  • Paul Mertons - baritonsaksofon, munnspel
  • Taylor Mills - vokal, perkusjon
  • Darian Sahanaja - vokal, keyboard
  • Nick Walusko - vokal, gitar
  • Staffan Findin - basstrombone
  • Andreas Forsman - fiolin
  • Erik Holm - bratsj
  • Anna Landberg - cello
  • Malin-My Nilsson - fiolin
  • Bjorn Samuelsson - trombone
  • Victor Sand - saksofon, fløyte, klarinett
  • Markus Sandlund - cello

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Beach Boys UK Singles Chart History». Official Charts. Henta 3 March 2018. 
  2. «The Beach Boys Chart History (Hot 100)». Billboard. Henta 3 March 2018.