Heronbrunnen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heronbrunnen

Heronbrunnen er springvatn driven med vasstrykket i ei leidning som ligg lågare enn springvatnet. Brunnen er kalla opp og funnen opp av Heron av Alexandria. Han består av ei fonteneskål og under den to behaldarar halvveges fylt med vatn. Fonteneskåla står i samband med den vassfylte delen av den nedste behaldaren. Luftrommet i denne behaldaren står i samband med luftrommet i den øvste behaldaren. Frå den vassfylte delen av den øvste behaldaren går det eit røyr opp over fonteneskåla. Heller ein vatn i fonteneskåla øvst, renn det ned i den nedste behaldaren slik at lufta i begge behaldarane blir trykt saman og dermed pressar vatn frå den øvste behaldaren oppover så det dannast ein liten fontene over skåla.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]