Herrnhutismen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den herrnhutiske bønesalen i Stockholm

Herrnhutismen er ei pietistisk kristen rørsle som oppstod kring godset til greve Nikolaus Ludwig von Zinzendorf i Berthelsdorf i byen Herrnhut i Sachsen i noverande Tyskland. Zinzendorf gav i 1722 vern for dei såkalla bømiske brørne, som var tvungne til å rømme frå Böhmen og Polen under motreformasjonen.

Det viktigaste for hernhuttarane er ikkje å ha den rette læra, men å ha det rette tilhøvet til Jesus i hjarta. Opplevingar av å blir rørt av Kristi liding, og gleda over frelsa i Jesu blid er det sentrale. Som dei andre gamle pietistiske rørslene i den lutherske kristendommen, er herrnhutismen retta fornying av kyrkjelyden gjennom einskildmenneska, ikkje mot separatisme og kyrkjesplitting.

På 1740-talet framstod herrnhutismen i si mest radikale form, med til dels svermeriske og sensuelle innslag. Mystikk knytt til det heilage bryllaupet, Jesu sår og blod vart framtredande, Ein kunne snakke om Jesus som den «søte brudgommen» og seg sjølv som «blodigler» som levde av såra på Jesu kropp.

På 1760-talet vart herrnhutismen eit eige kyrkjesamfunn – i Sverige som «Evangeliska brödraförsamlingar», i Danmark som «Den Herrnhutiske Brødremenighed». Fram mot slutten av 1800-talet var det også herrnhuttiske forsamlingar i Noreg. Gjennom misjon har herrnhuttismen spreidd seg til andre land. Dei fleste herrnhuttarane lever i dag i Afrika.

Fellesskapet i dei herrnhutiske forsamlingane byggjer på kjærleiken til alle kristne. For herrnhuttarane er der berre éi kyrkje, Jesu Kristi lekam, og Gud gjennomsyrer alt - dei oppfattar livet som ein heilskap utan noko skilje mellom det verdslege og det andelege. Bibelordet er det sentrale. Som i reformerte kyrkjer har dei inga utsmykking av kyrkjebygga sine.[1]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Arne Jarrick, Den himmelske älskaren. Herrnhutisk väckelse, vantro och sekularisering i 1700-talets Sverige, Stockholm 1987

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]