Hersvik kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hersvik kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Solund
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Nordhordland Sogn
Sokn Solund
Fellesråd Solund
Type Langkyrkje
Arkitekt Jacob Wilhelm Nordan
Material Tre
Innvigd 10. november 1891
Sitjeplassar 168
Kart
Hersvik kyrkje
61°10′17″N 4°53′42″E / 61.1715°N 4.895°E / 61.1715; 4.895

Hersvik kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1891 i Hersvikbygda nord på Sula i Solund kommune i Vestland. Dette er den fyrste kyrkja på staden.

Hersvik kyrkje is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Hersvik kyrkje på kart over Sogn og Fjordane

Attende i mellomalderen skal det ha vore eit kapell på Lågøy som folket ytst i Solund truleg sokna til, men det er ukjend når det kom bort. I hundreåra mellom Lågøy-kappelet og Hersvik kyrkje sokna folk i området til Vilnes kyrkjeAtløy i Askvoll prestegjeld og Øn kyrkje i Hyllestad prestegjeld.

Hersvik var eige sokn til dei tre sokna i Solund prestegjeld vart slegne saman til eitt i 2000.

Altartavla er måla av Mons Breidvik i 1920, og viser Jesus som bergar Peter frå drukning i stormen på Genesaretsjøen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]