Hertug av Normandie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vikinghøvdingen Rollo, den første hertugen av Normandie, blir døypt av erkebiskopen i Rouen, Gui.
Fire engelske kongar som òg var hertug av Normandie: Henrik II, Henrik den unge og Rikard Løvehjarte øvst, Johan utan land og Henrik III nedst.

Hertug av Normandie var tittelen til herskaren av det de facto sjølvstendige hertugdømet Normandie.

I 911 fekk vikinghøvdingen Rollo (kalla Rollon på fransk) Normandie av den franske kong Karl III. Sjølv om Normandie formelt var underlagt den franske kongen, styrte herskaren praktisk talt som ein uavhengig monark. Før Rikard den gode i 996 formelt tok tittelen hertug, hadde herskarane av Normandie tittelen normannar-jarl eller princeps nortmannorum.

Ved den normanniske erobringa av England i 1066 blei hertugen av Normandie også herskar av England. I 1204 blei hertugdømet vunne av den franske kong Filip II, men dei engelske kongane heldt fram med å krevje tittelen fram til Paris-traktaten av 1259, der Henrik III blei tvinga til å seia frå seg kravet på det normanniske området på det franske fastlandet. Normandie blei kroneigedom, og hertugdømet blei gjeve til ulike franske prinsar. Dei franske kongane gav alltid tittelen Pair av Frankrike til hertugane, truleg for å markera at landet på den sida av Den engelske kanalen skulle reknast som fransk. Dei britiske monarkane heldt fram med å hevda kravet på Kanaløyane (Jersey, Guernsey, Alderney og Sark), og bruker framleis tittelen «hertug av Normandie».

31. desember 1660 blei Jakob II av England utnemnd til hertug av Normandie av kong Ludvig XIV av Frankrike, få månader etter at bror hans Karl II var blitt installert på den engelske og irske trona.

Tidlege hertugar[endre | endre wikiteksten]

Huset Plantagenet

Seinare britiske monarkar har alle hatt tittelen hertug av Normandie, men berre i høve til Kanaløyane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]