Hertugdømet Benevento

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ducato di Benevento
Hertudømet Benevento
Hertugdøme i Lombardia
[[Det austgotiske kongedømet|]]
571–1081 [[Kyrkjestaten|]]
Plasseringa til Benevento
Plasseringa til Benevento
Hertugdømet Benevento i år 1000
Hovudstad Benevento
Styreform Hertugdøme
Historisk periode Mellomalderen
 - Oppretta 571
 - Erobra 1081

Hertudømet Benevento, og seinare Fyrstedømet Benevento var det sørlegaste hertugdømet til langobardane i Italia. Det låg rundt byen Benevento, sentralt i Sør-Italia. Hertugdømet var i praksis sjølvstyrt og berre under regjeringstida til Grimoald I av Benevento og kongane frå Liutprand vart hertugdømet nært forbunde til kongedømet. Etter kongedømet sitt fall vart området verande ein «rumpstat» og var de facto sjølvstendig dei neste tre hundre åra, sjølv om det vart delt etter 849.

Ein er ikkje sikker på korleis og når hertugdømet oppstod, men enkelte historikarar meiner det skjedde i 571. Uansett var Zotto den første hertugen, som styret ein langobardisk styrke som gjekk nedover langs kysten av Campania. Etterfølgjarane til Zotto, som Arechis, tok fleire område frå Austromarriket, mellom anna Capua og Crotone, medan dei plyndra Amalfi. Napoli klarte dei derimot ikkje å ta. Etter regjeringstida hans hadde berre Austromarriket Napoli, Amalfi, Gaeta, Sorrento og enden av Calabria, i tillegg til kystbyane i Puglia att. I 680 vart det fred mellom hertugdømet og Austromarriket.

Dei neste tiåra erobra Benevento fleire område frå austromarane, men hovudfienden vart no sjølve Lombardia i nord. Kong Liutprand blanda seg inn fleire gonger og la fram eit eige forslag om kven som skulle ta over hertugdømet. Etterfølgjaren hans, Ratchis, erklærte hertugdøma Spoleto og Benevento for framand land der det ikkje var lov å reise utan løyve frå kongen.

Karl den store tok det lombardiske kongedømet i 773 vart hertug Arechi II opphøgd til fyrste under det nye Frankarriket som kompensasjon for at nokre av områda hans vart gjeve tilbake til Kyrkjestaten.

Det såkalla Langobardia vart samla ein siste gong under hertug Pandolfo Testa di Ferro, som utvida makta si i Mezzogiorno frå basen sin i Benevento og Capua. Før han døydde (mars 981) fekk han òg tittelen Hertug av Spoleto av keisar Otto I. Både Benevento og Salerno gjorde derimot opprør mot sonen hans og arvingen Pandulf II.

I 1022 erobra Henrik II både Capua og Benevento, men reiste tilbake etter at han ikkje klarte å ta Trioa. Normannarane kom til Sør-Italia i løpet av denne perioden og Robert Guiscard erobra Benevento i 1053 etter keisar Henrik III hadde gjeve løyve til det, og gav fyrstedømet til paven og Kyrkjestaten.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]