Hertugdømet Luxembourg

Koordinatar: 49°37′N 6°08′E / 49.61°N 6.13°E / 49.61; 6.13
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grofschaft (Herzogtum) Lëtzebuerg (lb)
Grafschaft (Herzogtum) Luxemburg (ty)
Comté (Duché) de Luxembourg (fr)
Grevskapet (Hertugdømet) Luxembourg
Stat i Det tysk-romerske riket
del av Dei burgundiske Nederlanda (1443–1482)
del av Dei habsburgske Nederlanda (1482–1794)

963–1794

Flagget til Luxembourg

Flagg

Plasseringa til Luxembourg
Plasseringa til Luxembourg
Hertugdømet Luxembourg in 1477
Hovudstad Luxembourg
Språk Luxembourgsk, tysk, fransk
Religion Den katolske kyrkja
Styreform Fyrstedøme
Historisk periode Mellomalderen
 - Grev Siegfried
    først nemnd

 - Overteken av
    Luxembourg-dynastiet

1214
 - Opphevd til hertugdøme 1354
 - Halden av
    hertugane av Bourgogne

1443
 - Til Habsburg 1482
 - Okkupert av Frankrike 1794
 - Storhertugdøme
     gjenoppretta

1815

Grevskapet, seinare Hertugdømet Luxembourg (luxembourgsk Lëtzebuerg, tysk Luxemburg) var ein stat i Det tysk-romerske riket, og fedrelandet til Huset Luxembourg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå luxembourgsk historie.
Tidlege busetjingar i dagens Luxembourg før 900-talet med kyrkja Saint-Saveur, i dag Saint-Michel, bygd i 987
Historia til Nederlanda

Bispedømet Liège
9851790

Dei burgundiske Nederlanda

Hertugdømet Luxembourg
innlemma 1441
13841477
Dei habsburgske Nederlanda
14771556
Dei spanske Nederlanda
15561581
Dei spanske Nederlanda
Dei sameinte Nederlanda
15811795
15811713

Dei austerrikske Nederlanda
17131790

Det sameinte Belgia
1790
Bispedømet Liège
17901795

Dei austerrikske Nederlanda
17901794

Den franske repulikken

Den bataviske republikken
17951806
17951804

Det franske riket

Kongedømet Holland
18061810
18041815
 

Det sameinte kongedømet Nederland
18151830

Storhertugdømet Luxembourg

Kongedømet Belgia
sidan 1830
Kongedømet Nederland
sidan 1830
(i personalunion med Nederland til 1890)

Første gong området vart nemnd var av Julius Cæsar i hans Kommentarar om Gallarkrigen.[1] Den historiske regionen Luxembourg var ein del av den romerske provinsen Belgica Prima.[2] Etter at germanske stammer invaderte området frå aust, vart Luxembourg ein del av Frankarriket, og med freden i Verdun i 843 vart han ein del av provinsen Midtfrankarriket i Lotharingien. Med freden i Ribemont i 880 vart området ein del av Austfrankarriket.

Moderne historikarar reknar at opphavet til Luxembourg kjem frå ordet Letze, som tyder festningsverk[3] og som kan ha vist til anten restane av eit romersk vakttårn eller til ein primitiv tilfluktsstad tidleg i mellomalderen.

Grevskap (963–1353)[endre | endre wikiteksten]

Med delinga av Lotharingien i 959 gjekk området til hertug Fredrik I av Øvre Lorraine frå Ardennes-Verdun-dynastiet, ein son av pfalzgreven Wigeric av Lotharingien. I 963 kjøpte grev Siegfried, truleg ein yngre bror av hertug Fredrik I, noko land frå abbed Wikerus av Saint Maximin-klosteret i Trier. Dette landområdet låg krign ruinane av ei ei, visstnok romersk, festning med det gammalhøgtyske namnet Lucilinburhuc (som omfte er omsett til «vesle borg»). Etter få år hadde grev Siegfried bygd ei ny borg over desse ruinane, på ei klippe som seinare vart kalla Bock Fiels. Denne borga dominerte eit område langs den gamle romarvegen mellom Reims, Arlon og Trier, noko som òg opna for handel og toll. Trass i den nybygde borga, ser det ikkje ut til at dette var hovudresidensen til Siegfried og etterkomarane hans. Den verkelege historia til Luxembourg byrjar med bygginga av denne borga.

Dei neste åra voks det fram ein liten by og ein marknad kring den nye borga. Dei første innbyggjarane var truleg tenarane til grev Siegfried og prestestanden frå Saint Michael-kyrkja. Det vart bygd bymur og ei vollgrav kring del ar av busetnaden.

I tillegg til den vesle byen nær Bock Fiels og romarvegen, oppstod det ein annan busetnad i Alzettedalen (i dag Grund-kvarteret). I 1083 hadde denne byen to kyrkjer og to bruer over elvane Alzette og Petruss. Innbyggjarane hadde forskjellige yrke som fiskarar, bakarar og møllarar. Same året vart det grunnlagd eit benediktinarkloster, Altmünster, av grev Konrad på åsen bak Luxembourg slott.

Henrik III var den første kjende greven som budde fast i Luxembourg slott. I eit dokument frå 1089 vert han omtalt som comes Henricus de Lutzeleburg, som òg gjer han til den første dokumenterte greven av Luxembourg.

Kring denne festninga utvikla byen seg gradvis og vart senteret i ein liten, men viktig stat av stor strategisk verdi for Frankrike, Tyskland og Nederlanda. Festninga i Luxembourg vart gradvis utbygd og forsterka over åra av etterkomarane, som gjorde ho til ein av dei mektigaste festningane i Europa. Det formidable festningsverket og den strategiske plasseringa gjorde at ho vart kjend som «Nordens Gibraltar».

Fleire medlemmar av Huset Luxembourg vart tysk-romerske keisarar, kongar av Båohmen, og erkebiskopar av Trier og Mainz. Frå tidleg i mellomalderen til renessansen hadde Luxembourg fleire forskjellige namn, avhengig av forfattarane. Desse var mellom andre Lucilinburhuc, Lutzburg, Lützelburg, Luccelemburc og Lichtburg.

Delinga av Luxembourg har over åra kraftig redusert landområda deira.

Hertugdøme (1353–1790)[endre | endre wikiteksten]

Luxembourg vart verande eit sjølvstendig len (land) i Det tysk-romerske riket, då keisar Karl IV i 1354 opphøgde det til eit hertugdøme for bror sin Wenceslaus. Landområda til hertugdøma oppstod i 1353 då det gamle grevskapet Luxembourg, markgrevskapet Arlon, grevskapa Durbuy og Laroche samt distrikta Thionville, Bitburg og Marville vart slått saman. Grevskapet Vianden kan òg reknast med, sidan det var ein vasall for grevane og hertugane av Luxembourg sidan 1264.

I 1443 gjekk hertugdømet til hertugen Filip den gode av Burgund frå det franske Huset Valois, og i 1477 gjennom ekteskap til erkehertug Maximilian I av Austerrike frå Huset Habsburg. Dei sytten provinsane i det tidlegare Dei burgundinske Nederlanda vart danna som ein viktig union av keisar Karl V med Den pragmatiske sanksjonen av 1549. I 1794 enda dei franske revolusjonære denne situasjonen.

Storhertugdøme (1815 til i dag)[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Luxembourg.

Først med Wienerkongressen i 1815 vart denne situasjonen løyst, då Hertugdømet Luxembourg vart oppgradert til eit storhertugdøme av Den tyske konføderasjonen, og gjeven til kong Vilhelm I av Nederland i ein personalunion med Kongedømet Nederland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Luxembourg». Catholic Encyclopaedia. 1913. Henta 18. januar 2012. 
  2. "Luxembourg." Funk & Wagnalls New Encyclopedia, 16. Funk & Wagnalls, Inc., 1990. ISBN 0-8343-0091-5
  3. J.-P. Koltz, Baugeschichte der Stadt und Festung Luxemburg, I. Band

49°37′N 6°08′E / 49.61°N 6.13°E / 49.61; 6.13