Hertugdømet Milano

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ducato di Milano
Ducatus Mediolani
Hertugdømet Milano
Vasall
Coat of arms of the House of Visconti (1395).svg
13951797 Flag of the Repubblica Transpadana.svg

Flagget til Milano

Flagg

Plasseringa til Milano
Hertugdømet Milano (grønt) i 1400 (då det var på sitt største).
Hovudstad Milano
Språk Vestlombardisk - italiensk
Religion Romersk-katolsk
Styreform Fyrstedøme
Hertug
 - 1395–1402 Gian Galeazzo Visconti
 - 1792–1797 Keisar Frans II
Historisk periode Tidleg moderne historie
 - Keisarleg diplom frå Wenceslaus av Böhmen 11. mai 1395
 - Den ambrosianske republikken 1447–1450
 - Sforza-hertugar 1450-1499
 - Fransk styre 1499–1512, 1515-1521
 - Spansk styre 1535–1706
 - Campo Formio-traktaten 17. oktober 1797
Valuta Milanesisk scudo, lire, soldo og denaro

Hertugdømet Milano var ein stat i Nord-Italia frå 1395 til 1797. Han var ein del av Det tysk-romerske riket, som då var ei desentralisert eining, og vart styrt av fleire dynasti, dei fleste av dei stormakter utanfor Italia. Sjølv om territoriet til hertugdømet endra seg gjennom hundreåra, dekte det stort sett det meste av Lombardia, inkludert Milano og Pavia, tradisjonelle senter for det gamle Kongedømet Italia. Parma var òg ein del av hertugdømet fram til det vart eit eige hertugdøme på 1500-talet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Provinsar (i grønt) som utgjorde Hertugdømet Milano i 1402

Hertugdømet kom til i 1395 for Gian Galeazzo Visconti, herre av Milano. Då Huset Visconti døydde ut i 1447, erklærte Milano seg for ein republikk, trass i at hertugen av Orleans var den rettmessige arvingen i følgje ein avtale. Orleans klarte ikkje å oppfylle kravet sitt, men republikken var likevel kortvarig. Eventyraren Francesco Sforza, som gifta seg med den siste uekte dottera til Visconti, tok Milano i 1450 og gjorde seg sjølv til hertug.

I 1498 vart hertugen av Orleans konge av Frankrike som Ludvig XII og prøvde kort tid etter å oppfylle kravet til faren om Milano. Han invaderte i 1499 og jaga kor tid etter bort Lodovico Sforza. Franskmennene styrte hertugdømet til 1512, då dei var fjerna av sveitsarane, som sette sonen til Lodovico, Massimiliano på trona. Massimiliano varte ikkje særleg lenge. Franskmennene, no under Frans I, invaderte igjen i 1515 og tok igjen over kontrollen etter slaget ved Marignano, and tok Massimiliano til fange. Franskmennene vart igjen driven ut i 1521, denne gongen av austerrikarane, som sette inn den yngre broren til Massimiliano, Francesco II Sforza.

Etter eit avgjerande fransk nederlag ved Pavia i 1525, som såg ut til å gjere keisarstyrkane til Karl V dominertande i Italia, vart Francesco med i Cognac-ligaen mot keisaren i lag med Venezia, Firenze, paven og franskmennene. Dette førte raskt til at han vart driven ut av Milano av keisarstyrkane, men han klarte å halde kontrollen over andre byar i hertugdømet, og vart igjen sett inn som hertug etter freden var underskriven i Cambrai i 1529.

Då Francesco døydde utan arvingar i 1535 kom spørsmålet om kven som skulle ta over fram, og då både keisaren og kongen av Frankrike gjorde krav på hertugdømet, førte dette til meir krig. Hertugdømet Parma vart oppretta frå delar av hertugdømet Milano sør for elva Po, som eit len for den uekte sonen til pave Paul III, Pier Luigi Farnese,kring byen Parma.

Keisaren heldt på hertugdømet gjennom perioden og gav det etter kvart til sonen Filip. Spania fekk då hertugdømet og dette vart til slutt respektert av franskmennene i Cateau-Cambrésis-traktaten i 1559.

Hertugdømet Milano vart verande under spanjolane fram til den spanske arvefølgjekrigen tidleg på 1700-talet, då det vart erobra av austerrikarane. Freden i Baden som enda krigen i 1714 gjorde at Milano vart avstått til Austerrike. Hertugdømet vart verande under Austerrike til det vart erobra av den franske armeen til Napoleon Bonaparte i 1796. Hertugdømet vart avstått av Austerrike i Campo Formio-traktaten i 1797, og utgjorde ein del av den nye Den cisalpinske republikken.

Etter nederlaget til Napoleon og i følgje avgjersler i Wienerkongressen den 9. juni 1815, vart ikkje hertugdømet Milano gjenoppretta, men vart ein del av Kongedømet Lombardia–Venetia, ein del av Det austerrikske imperiet med keisaren av Austerrike som konge. Dette kongedømet tok slutt då den gjenverande delen av det vart annektert av Kongedømet Italia i 1866.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]