Hessen-Kassel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Landgrafschaft Hessen-Kassel
Kurfürstentum Hessen
Landgrevskapet Hessen-Kassel
Kurfyrstedømet Hessen
Stat i Det tysk-romerske riket
Statar i Det tyske forbundet

 

1567 – 1806
1813 – 1866

 

Flagg Våpen
Flagg Våpenskjold (1818)
Plasseringa til Hessen-Kassel
Plasseringa til Hessen-Kassel
Hessen-Kassel i 1866
Hovudstad Kassel
Språk Tysk
Religion Protestantisk (kalvinistisk)
Styreform Fyrstedøme
Landgreve
 - 1567–1592 Vilhelm IV av Hessen
 - 1730–1751 Fredrik I av Sverige
Historie
 - Oppretta 1567
 - Opphøgd til kurfyrstedøme 1803
 - Annektert av Frankrike 1806
 - Gjenoppretta 1813
 - Annektert av Preussen 1866
Areal
 - 1864 9 581 km²
Innbyggjarar
 - 1864 est. 745 063 
     Folketettleik 77,8 /km² 
Valuta Hessen-Kassel thaler(til 1858)
Hessen-Kassel vereinsthaler(1858–1873)

Landgrevskapet Hessen-Kassel (tysk Landgrafschaft Hessen-Kassel) eller Hessen-Kassel var eit riksfritt fyrstedøme i Det tysk-romerske riket som vart oppretta då Landgrevskapet Hessen vart delt i 1567Filipp I av Hessen døydde. Den eldste sonen hans, Vilhelm IV arva den nordlege halvdelen og hovudstaden Kassel. Den andre sonen fekk Landgrevskapet Hessen-Marburg, Landgrevskapet Hessen-Rheinfels og Landgrevskapet Hessen-Darmstadt.

Landgrevskapet Hennse-Kassel vart opphøgd til Kurfystedømet Hessen (Kurfürstentum Hessen eller Kurhessen) i 1803. Under napleonskrigane vart det okkupert av franske troppar og vart ein del av Kongedømet Westfalen, som var ein fransk satellittstat. Kurfyrstedømet Hessen vart gjenoppretta i 1815 og vart medlem av Den tyske konføderasjonen. Det vart annektert av Kongedømet Preussen i 1866 etter den austerriksk-prøyssiske krigen og vart så til provinsen Hessen-Nassau.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Landgrevskap[endre | endre wikiteksten]

Landgrevskapet Hessen-Kassel oppstod 1567 etter landgreve Filipp I av Hessen døydde, då da landgrevskapet Hessen vart delt mellom dei fire sønene hans. Den eldste sonen Vilhelm IV av Hessen-Kassel fekk omkring halvparten av landet inkludert den gamle hovudstaden Kassel. Arva etter brødrelinjene Hessen-Marburg og Hessen-Rheinfels fall etter dei døydde ut tilbake til Hessen-Kassel og Hessen-Darmstadt.

Landgreve Fredrik I var òg konge av Sverige mellom 1719 og 1751. Sverige og Hessen-Kassel var dermed i personalunion.

I 1776 vart løftet om å låne 19 000 soldatar til den engelske krona for å slå ned koloniopprøret i Nord-Amerika til ein europeisk skandale, som òg Friedrich Schiller i sitt teaterstykke Kabale und Liebe gjekk til åtak på.

Kurfyrstedøme[endre | endre wikiteksten]

Med riksdeputasjonshovudavgjersla av 1803 vart Hessen-Kassel opphøgd til kurfystedøme av Det tysk-romerske riket

Kongeriket Westfalen[endre | endre wikiteksten]

1807 vart Kurhessen okkupert av Napoleon sitt Frankrike. Napoleon sette inn den yngste broren Jérôme som konge av det nye Kongedømet Westfalen med residens i Kassel.

Restaurasjon[endre | endre wikiteksten]

Jérôme flykta 1813 og den 21. november same året kom kurfyrsten tilbake til Kassel og fekk ein jublande mottaking av folkesetnaden:

Hessen mit eurem Namen nenne ich Euch wieder («hessarar, med dykkar namn kallar eg dykk igjen»)

Sjølv om verdien av kurfyrsten i mellomtida hadde vorte meiningslaus, då Det tysk-romerske riket ikkje lenger eksisterte, heldt landsherren tittelen kurfyrste og landet namnet Kurhessen.

Kurhessen i Det tyske forbund[endre | endre wikiteksten]

Kurhessen var frå 1815 medlem av Det tyske forbundet. Til einingsstaten Kurhessen høyrte dessutan frå 1815 storhertugdømet Fulda, utgått frå det tidlegare fyrstbispedømet Fulda, samt fyrstedøma Fritzlar, Hersfeld og Hanau. Dessutan var fleire eksklavar tilknytte Kurhessen, som til dømes grevskapet Schaumburg ved Weser og herskapet Schmalkalden i dagens Thüringen.

Annektert av Preussen[endre | endre wikiteksten]

Den kurhessiske staten eksisterte ikkje lenger i 1866, etter at han vart annektert av Preussen som følgje av den prøyssisk-austerrikske krigen. Seinare vart det kurhessiske territoriet slått saman med det annekterte hertugdømet Nassau og den tidlegare frie riksbyen Frankfurt am Main til den prøyssiske provinsen Hessen-Nassau. I 1944 vart det danna ein eigen provins kalla Kurhessen, men utan kretsane Schmalkalden, Schlüchtern og Gelnhausen.

Landet Hessen[endre | endre wikiteksten]

Kort etter krigen vart Kurhessen slått saman med andre hessiske provinsar til den nye staten Stor-Hessen (Groß-Hessen). Denne staten endra namn til berre Hessen i 1946.

Landgrevar og kurfyrstar[endre | endre wikiteksten]

Landgrevar av Hessen-Kassel (etter 1803 kurfyrstar)
Regjeringstid Herskar Merknad
1568 - 1592 Vilhelm IV den vise  
1592 - 1627 Moritz den lærde  
1627 - 1637 Vilhelm V. den standhaftige  
1637 - 1663 Wilhelm VI. Etter Wilhelm V vart Amalie Elisabeth, mor til Vilhelm VI, regent, inntil han vart myndig og overtok sjølv den 25. september 1650.  
1663 - 1670 Vilhelm VII. Etter Wilhelm VI døydde regjerte enka hans, Hedwig Sophie, til sonen deira Karl overtok. Vilhelm VII døydde før han vart vaksen. 
1670 - 1730 Karl Men først var mor hans regent for han i fem månader.
1730 - 1751 Fredrik I Frå 1720 konge av Sverige
1751 - 1760 Vilhelm VIII. Fungerte alt frå 1730 som statthaldar for bror sin
1760 - 1785 Fredrik II. Utvida hæren kraftig og let 12 000 mann i 1776-84 kjempe på Storbritannia si side i under den amerikanske sjølvstendekrigen.
1785 - 1821 Vilhelm IX. Vart i 1803 som Vilhelm I kurfyste.
1821 - 1847 Vilhelm II.  
1847 - 1866 Fredrik Vilhelm I. Døydde 1875 utan arvingar.

Om dagens bruk av namnet Kurhessen[endre | endre wikiteksten]

Uttrykket Kurhessen vart brukt i dag som regionalt namn. Til dømes er heile det tidlegare kurhessiske territoriet, inkludert eksklaven Schmalkalden, del av den evangeliske kyrkja Kurhessen-Waldeck.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]