Hestan Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hestan Island i Solway

Hestan Island er ei lita øy ved kysten av Skottland i Solway Firth.

Hestan Island ligg ved innløpet til Auchencairn Bay [1] i regionen Dumfries and Galloway i det tidlegare grevskapet Kirkcudbrightshire. Det vart bygt eit fyr på austsida av øya av Alan Stevenson i 1850.

Når fjøra er særs låg er det mogeleg å gå tørrskodd over frå Almorness Point til nordenden av Hestan. Sør på øya ligg Daft Ann's Steps, ei rad med steinar i vatnet. I følgje segna skal ei mindre intelligent jente ha lagt steinar til å trø på føre seg for å nå Balcary Point og drukna.[2]

Ruinane av herregarden til Edward Balliol står nord på øya.

På 1700-talet var øya involvert i smugling og varer vart lagra i grotter sørvest på øya. Samuel Rutherford Crockett skriv mellom anna om dette i romanen The Raiders.[2]

Øya er ein populær destinasjon for havkajakkpadlarar.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 54°49′56″N 3°48′33″W