Hestebreiddene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hestebreiddeområdet vist på teikning av jorda som Horse latitudes i det andre grøne bandet ovanfrå.

Hestebreiddene er område kring 30 ºN og 30 ºS i Atlanterhavet og Stillehavet som vanlegvis berre har svak skiftande vind eller vindstille. Hestebreiddene ligg om lag under dei subtropiske høgtrykksområda.

Omgrepet vert mest nytta i det nordlege stillebeltet i Atlanterhavet. Namnet kjem frå seglskutetida då hestar ein hadde med seg på skipa frå Europa til Vestindia kunne døy fordi skipa vart liggande for lenge i det vindstille området, slik at ein gjekk tom for vatn. Ei anna forklaring til namnet kan vere eit sjømannrituale, der sjømennene lagde ei hestedokke som dei bar rundt på dekk før dei kasta henne overbord.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]