Hestehale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hestehale på ein mannleg indianarleiar.

Hestehale er ein frisyre der ein samlar det meste eller alt av langt hår[1] i bakhovudet med ein hårstrikk eller liknande. Avhengig av mote kan det òg vere vanleg å sette opp hestehalen med hårklemmer eller å ha hestehalen hengande på den eine sida av hovudet ved å samle håret ved øyret. Hestehale er ein vanleg frisyre for jenter og for gutar med langt hår. Han har fått namnet sitt etter likskapen med halen på ein hest.

Hestehale sett bakfrå.

For stramme hestehaler kan føre til hårtap,[2] i nokre høve også hovudverk.[3]

Hestehale på kvinner[endre | endre wikiteksten]

Ungjente med hestehale som held håret unna ansiktet når ho ser nedover.

Kvinner (i motsetning til jenter) som følgde europeisk mote i tida fram til 1900-talet vart sjeldan sett ute med håret i ein uformell stil som ein hestehale.

I dag har kvinner vanlegvis håret i ein hestehale i uformelle anledningar som jobb eller trening. Dei har gjerne meir detaljerte frisyrar (t.d. med fletter og tilbehør) ved meir formelle anledningar. Ein hestehale er eit praktisk val som held håret vekke frå auga. Det held òg håret vekke frå halsen. Det er også populært hos jenter i skulealder. Det er lett å setje håret i hestehale og ta han ut igjen sjølv som ein ønsker.

Hestehale på menn[endre | endre wikiteksten]

George Washington måla av Ellen Sharples. Den amerikanske presidenten hadde håret i hale.[4]

Ulike former for hestehale har vore vanleg i kulturar der menn ber langt hår. Fram til 1800-talet var det til dømes vanleg blant vestlege menn å ha langt hår eller langhåra parykkar som dei kunne samla i nakken.[5] På midten av 1900-talet blei langt hår blant menn, og dermed også hestehalen, eit symbol for ungdomsopprør og motkultur.[5] Etter dette blei hestehale meir akseptert i visse miljø, til dømes blant musikarar og motorsykkelentusiastar,[6] medan han har vore bannlyst eller vekka oppsikt i andre, som i politiet og ein del politisk liv og forretningverksemd.[7]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. schwarzkopf.no: Livlige hestehaler:...Å samle langt hår i en hestehale,...
  2. Woman.no: 10 myter om sunt hår, 17.nov 2011.: «Stramme fletter og hestehaler kan føre til hårtap!»
  3. James, William; Berger, Timothy; Elston, Dirk (2005). Andrews' Diseases of the Skin: Clinical Dermatology. (10th ed.). Saunders. ISBN 0-7216-2921-0; Freedberg, et al. (2003). Fitzpatrick's Dermatology in General Medicine. (6th ed.). McGraw-Hill. ISBN 0-07-138076-0. Oppgjevne av Engelsk Wikipedia.
  4. The Portrait», georgewashington.si.edu - «He tied his hair in a queue, which was sometimes worn in a small black silk bag.»
  5. 5,0 5,1 «frisyre», Store norske leksikon (23.08.2011).
  6. «Pass notes, No 3,122: Karl Lagerfeld», guardian.co.uk (8. feb. 2012) - «he still sports the dry grey ponytail of a weekend pub rocker»; «Long Hair for Men», hairfinder.com - «My uncle [...] joined [...] the motorcycle club, and it appears mandatory that you are to grow your hair, long»]
  7. «Grønt lys for hårete politimenn», VG.no (01.10.99) - «Justisdepartementet har nå godtatt Likestillingsombudets avgjørelse om langhårede politimenn.»; Paul Henley, «Swedes cheer economic prosperity», BBC News (24 January 2012) - «Anders Borg, the finance minister almost as famous for his ponytail and earring as for his steady handling of the national economy.»; «Slipstvang på it-avdelingen?», Computerworld (14.12.2006); Matthew Overington, «'Sandal and ponytail set' cramping Linux adoption?», CNET (28. mars 2006)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Hestehale