Hestekastanje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hestekastanje


Status i Noreg: LC Livskraftig

Illustration Aesculus hippocastanum0.jpg

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Magnoliophyta
Klasse: Magnoliopsida
Orden: Sapindales
Familie: Sapindaceae
Slekt: Aesculus
Art: A. hippocastanum
Vitskapleg namn
Aesculus hippocastanum
Hestekastanje
Namn på andre språk
Svensk Hästkastanj
Dansk Hestekastanje, Almindelig Hestekastanje
Engelsk Horse-chestnut, Conker tree
Tysk Rosskastanie, Gewöhnliche Rosskastanie, Weiße Rosskastanie
Fransk Marronnier, marronnier commun
Spansk Castaño de Indias
Russisk Konskij kasjtan (Конский каштан), konskij kasjtan obyknovennyj (конский каштан обыкновенный)

Hestekastanje (Aesculus hippocastanum) er eit lauvfellande tre i hestekastanjefamilien - ein liten plantefamilie som no ofte blir rekna inn i såpebærfamilien, saman med lønn. Treet kan verte 25–30 meter høgt. Hestekastanjen kan bli gammal, 200 til 400 år. Namnet hestekastanje har det av at frøa er blitt brukte til dyrefor i uår. Blada er store, samansette av 5-7 småblad. Om våren er knoppane på treet klebrige. Hestekastanjen blomstrar i juni, med store kvite blomstrar med gule og raude flekkar.

Hestekastanjen har ein frukt som er rund med piggar på, og innom skalet ligg ei nøtt som minner om kastanjenøtta. Nøttene på hestekastanjen er giftige. Likevel har dei, som kastanjenøttene, vore malne til mjøl. Mjølet har vore bruka både som dyrefôr og menneskeføde i naudsår. Under 2. verdskrigen vart det blanda i brødmjølet og bruka som marsipan- og kokoserstatning i Danmark. Stivelsen inneheld giftig saponin, og uttrekk har vore bruka som vaskelut. Bark og blad har òg vore bruka til plantefarging.

Treet høyrer naturleg heime i fjellområda på Balkan, men i Noreg har det har spreidd seg frå hagar og parkanlegg og i låglandet opp til Nordland. Delar av treet er nytta i naturmedisin.

Dei mest kjende hestekastanjane i Noreg står som ein allétre i Bygdøy allé i Oslo, udøydeleggjorte i Jens Book-Jensen si oslovise.

Kjelde:[endre | endre wikiteksten]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hestekastanje