Hestesko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hestesko.
Avtrykk av hovane til ein hest som ikkje er skodd: framfot til venstre og bakfot til høgre.
Hesteskosaum.

Hestesko er eit U-forma stykkje av anten jarn, stål, aluminium, gummi, plast (eller samansettingar av desse materiala) som vert spikra eller limt til hovanehest for å redusere slitasjen på hovane og gje føtene betre feste. Tidlegare var hestesko hovudsakleg laga av jarn, og vart festa til hoven med ein særleg type jarnspikar som vart kalla hesteskosaum, og det er nok mest vanleg framleis.

Vekta og forma på hesteskoa kan ha noko å seie for gangarten, og dette vert utnytta for konkurransehestar. Det har vorte utvikla ulike utformingar av hesteskoa og materiala i dei for ulike hestar og den verksemda dei vert nytta til. Somme spesialsko er til dømes laga av magnesium, kopar eller titan.

Hestesko har vanlegvis utståande hakar, piggar eller spikrar i kantane for gje hesteføtene best mogleg feste, til dømes på is og hard snø. På moderne hestesko er ofte slik piggar gjenga og festa til skoen i skruehol.

Dei som har fagkunnskap i å sko hest vert kalla hovslagarar.

Hestesko har fått ein plass i folketrua som ein lukkebringande og vernande gjenstand til å feste over gangdøra til huset. Best resultat får ein visstnok dersom skoen har vore nytta på ein hest på rettleg vis.