Hestestridsvogn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Assyrarkonge på stridsvogn.

Hestestridsvogner eller berre stridsvogner er tohjula vogner med ei lita plattform med karm for køyrekaren og eit par krigarar.[1]

Stridsvogner der hjula har eiker, var ei nyvinning som vart funne opp i Eufrat-området ved midten av det tredje tusenåret fvt. Teknologien spreidde seg til Egypt, Indusdalen, dei sentral-russiske steppene, Vesleasia og Kreta mellom ca. 2500 og 1900 fvt.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Stridsvogn.». Store norske leksikon. 18. februar 2018. Henta 27. november 2018. 
Spire Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.