Hestetagl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hestetagl vert brukt i bogar for strykeinstrument.

Hestetagl er det lange stive håret hesten har i hale, man og lugg. Dette håret har eigenskapar som gjer at det har mange ulike bruksområde. Hestetagl har vore handelsvare, gjerne med ein høg pris.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Hestetagl har vorte nytta til fiolinbogar, tekstilar, reip, fyllstoff i madrassar og snarer. Til fiolinbogen brukar ein hår frå halen på hesten. Håra, som gjerne må vere 75 cm lange vert spent mellom froschen og spissen, og er den delen som stryk over strengene. Taglet kan strammast med ein skrue på froschen.

Eit anna viktig bruksområde av hestetagl er laging av reip. Slike reip er, og har vore eksklusive og kostbare. Dei har særleg vore ettertrakta om bord i båtar. Dette fordi dei er svært haldbare og ikkje frys stive om dei er våte og det er kaldt. Reip av faks, dei lange håra på hestehalsen, vert kalla simreip. Reip av hestetagl har vorte nytta til seglskaut og telne, reipet eller tauget som vert sydd rundt seglet (lika). Største ulempen med taglreip er at dei vert lett skammfila.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]