Hevert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hevertprinsippet.

Hevert er ein slange eller eit røyr som kan flytte væske frå eit reservoar via eit høgareliggande punkt og ned i eit lågareliggande reservoar (sjå figur), utan noko behov for pumping. Føresetnaden er at den høgareliggande delen av røyret allereie er fylt med væske. Den normale måten å starte ein hevert på, er å suge i den nedste enden av heverten. Ein alternativ måte å starte på, dersom ein ikkje ynskjer å suge inn væska, er å fylle heile slangen med (ei anna) væske først.

Teori[endre | endre wikiteksten]

På det høgaste punkta til slangen trekkjer tyngdekrafta væska ned på begge sider. I fleire år har ein trudd at lufttrykket var naudsynt for at ein hevert skal fungere, men forsøk har vist at lufttrykk ikkje er naudsynt for å få væska til å renne. Trykket frå væska og tyngdekrafta får væska til å renne, men lufttrykket kan påverke.

Energimessig blir potensiell energi (høgda til væska i det øvste reservoaret) omdanna til kinetisk energi (farten til væska i slangen), og ein treng ikkje noko ekstra energi (pumper) for å halde straumen i gang.

I tillegg til lufttrykk har ein òg molekylær tiltrekkingskraft i væska, dette sørger òg for å halde væska saman og unngå vakuumdanning i slangen.

Den maksimale høgda væska kan passere avgrensast av lufttrykket og massetettleiken til væska – dersom det høgaste punktet er for høgt, kan ein få ei vakuumdanning her. Ved normalt lufttrykk kan vatn løftast ca. 10 meter.

Praktiske avgrensingar[endre | endre wikiteksten]

Det er òg andre ting som kan føre til at hevertprinsippet ikkje fungerer:

Dersom slangen ikkje er stiv nok, vil lufttrykket presse saman slangen på toppen. Dette avgrensar høvet til å nytte heilt mjuke gummislangar, ha for høg temperatur på væska, eller ha for høgt toppunkt dersom slangen ikkje er tilstrekkeleg stiv.

Dersom væska avsondrer gass og farten ikkje er stor nok, vil det akkumulere seg gass på toppen, og dette drep fort hevertprinsippet (gass ekspanderer fort når trykket avtar). Eksempelvis inneheld springvatn ofte oppløyste gassar, øl og vin under brygging inneheld kolsyre, og dersom trykket blir lågt nok vil kvar og ei væske koke, uansett kor låg temperaturen er. Dette er noko ein må ta omsyn til dersom ein tappar alkoholholdige produkt under gjæring eller varmt vann.

Storskalaanlegg, til dømes i samband med vassverk eller vasskraftverk, må òg ta særleg omsyn til dette. Dersom ein brukar store roer og vasstraumen avgrensast til dømes ved hjelp av ventiler (eller byen sin vannbehov) vil det fort kunne akkumulere seg gass ved toppunktet.

Dersom slangen er for vid og endar opp i friluft (i motsetnad til å vere neddykket i eit reservoar), vil det kunne kome luftbobler opp på avløpssiden.

Dersom det er lekkasjar på slangen der denne ligg høgare enn det øvre reservoaret, vil det kome luft inn.

Problemet med gassbobler kan motarbeidast ved å ha eit relativt tynt røyr og stor nok fare på væska, då vil gassboblene følgje med straumen i staden for å akkumulere seg på toppen.

Normale bruksområde[endre | endre wikiteksten]

  • I det gamle seterstelle kunne ein bruke ein vinkelforma mjølkehevert til å tappe mjølk frå eit kar til eit anna. For å starte tappinga saug ein i den lange enden for å få mjølka til å byrje å renne.
  • Tøming av bensintank på bil
  • Overflytning av vin, øl og sats til heimebrent frå eit kar til ein annan under heimebrygging (under gjæringsprossessen dannast det veldig finpartikla avfallsprodukt som gradvis søkk til botn av karet; for å skilje ut botnfallet brukar ein hevert til å flytte brygget over til ein rein behaldar).
  • Vassverk og vasskraftverk nyttar seg ofte av hevertprinsippet.
  • Einskilde toalett og urinal nyttar seg av prinsippet – hevertprinsippet kan brukast til å tømme toalettet eller sisterna, og dessutan til å lage urinal som skyl seg sjølv ved jamne mellomrom (dersom sisterna blir fylla sakte, hevertslangen går frå botnen av sisterna opp til litt under toppen av sisterna og så ned i pissoaret, vil sisterna tømme seg sjølv kvar gong han blir tilstrekkeleg full).
  • Tøming av restar av vatn i oppvaskmaskin.
  • Flaumlaup
  • Vasskifte i akvarium. Hevertprinsippet inngår òg i verkemåten i einskilde akvariefilter.
  • Ein stikkhevert er eit glasutstyr for kjemisk analyse.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]