Hewlett-Packard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hewlett-Packard
Grunnleggjar: Bill Hewlett,
Co-founder
David Packard,
Co-founder
Leiar: Bill Hewlett
Slagord: Invent.
Namn: Hewlett-Packard Company
Skipa: Palo Alto, California (1939)
Medlemstal: Om lag 325,000

Hewlett-Packard eller HP er eit føretak i USA som hovudsakleg produserer datamaskiner, skrivarar, digitalkamera og PDA-ar.

I byrjinga av september 2001 kom beskjeden om at HP gjennom eit aksjeutbytte kom til å kjøpe føretaket Compaq for om lag 20 milliardar amerkanske dollar. Dermed var eit av dei største oppkjøpa i dataindustrien eit faktum.

HP har vokse gjennom eigen tilvekst og gjennom oppkjøp av Apollo Computer i 1989, Convex Computer i 1995 og Compaq i 2002. Compaq hadde igjen kjøpt Tandem Computers (1997) og Digital Equipment Corporation (1998).

HP tok òg over Compaq si rolle som ein av BMW WilliamsF1 Team sine hovudsponsorar.

Tidleg historie[endre | endre wikiteksten]

Føretaket vart grunnlagt i 1939 i ein garasje av Bill Hewlett og Dave Packard. Det fyrste produktet deira var ein god tonegenerator til ein låg pris. Ein tidleg stor ordre gjekk til Walt Disney Productions som trong verktøy til å lage musikken til filmen Fantasia. Føretaket utvikla og selde kvalifiserte elektroniske instrument og -utrustingar for forsking, undervising og industri i elektronikkbransjen. Etter kvart vart òg den medisinska sida ein stor kunde.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]