Hey Jude

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Hey Jude»
Singel av The Beatles
B-side «Revolution»
Utgjeve 26. august 1968
Sjanger Rock
Lengd 7:05
Selskap Apple Records
Låtskrivar(ar) Lennon/McCartney
Produsent George Martin
The Beatles-kronologi
«Lady Madonna»
(1968)
«Hey Jude» «Get Back»/«Don't Let Me Down»
(1969)

«Hey Jude» er ein rockeballade av The Beatles frå 1968. Han vart hovudsakleg skriven av Paul McCartney, men tilskriven Lennon/McCartney. Han vart spelt inn samstundes med dobbeltalbumet The Beatles (White Album), men vart i staden gjeven ut som singel. Trass i den uvanlege lengda på over sju minutt vart «Hey Jude» den mestseljande singelen til The Beatles. Det vart òg spelt inn ein kortare versjon for å tilpasse seg amerikansk radio, som vanlegvis ikkje spelte så lange songar. Songen vart den lengste som til då hadde nådd toppen av hitlistene i heimlandet, Storbritannia. [1]. Singelen låg også ni veker på førsteplassen i USA og i Noreg seks veker på toppen av VG-lista.

Den opphavlege tittelen var «Hey Jules» og songen vart skriven for å trøyste son til John Lennon, Julian, då Lennon og den første kona hans Cynthia Powell vart skilde. Lennon sette sjølv stor pris på songen sidan han akkurat hadde gått inn i forhold med den framtidige kona si, Yoko Ono. McCartney sjølv hadde sjølv nettopp gjort det slutt med kjærasten Jane Asher og var såvidt komen i saman med Linda Eastman, den framtidige Linda McCartney.

2. juli 2005 vart refrenget frå «Hey Jude» framført av Paul McCartney og eit ensemble av kjende artistar som finale på hovuddelen av Live 8 i Hyde Park i London.

Sympati for ein venn[endre | endre wikiteksten]

I 1968 budde John Lennon saman med Yoko Ono og hadde alt fortalt kona si Cynthia at han ville forlate ho. McCartney var ein personleg ven av begge to, og ønskte å muntre opp Julian, sonen til veneparet med å skrive ein liten song for han, medan han var på veg for å vitje dei. McCartney sa seinare sa at han starta med første linja i songen «Hey Jules (som var Julian), don't make it bad, take a sad song and make it better».[2]

Julian Lennon oppdaga at songen var skriven til han om lag ti år seinare, men han hugsa at han den gongen stod nærare McCartney enn sin biologiske far: «Paul og eg var ein del saman, meir enn det far og eg var. Vi hadde eit flott venskap og det ser ut til å vere mange fleire bilete av meg og Paul på den tida enn det var bilete av meg og far min.»[3]

Tilhøve til songen[endre | endre wikiteksten]

McCartney var lite nøgd med det opphavlege utkastet, særskild tekstlinja «The movement you need is on your shoulder», det høyrdest ut som han snakka til ein papegøye. Lennon ønskte derimot ikkje å gjere stort med songen, og meinte at den same linja var flott og avantgardistisk. I 1974 sa McCartney at «Eg hugsar at eg spelte songen for John og Yoko, og at eg sa 'Desse orda vil ikkje verte ståande på den endelege versjonen.' Men John sa: 'Dei er flotte. Dei er sprø, dei gjev inga meining i det heile tatt. Det er topp!'»

McCartney kom så til konklusjonen at Jude var eit lettare namn å synge enn Jules og modifiserte songen etter det.[3]

Den eldre Lennon tenkte at songen var om han sjølv. Det same året som han døydde, 1980, hugsa han tilbake: «Paul sa at han var skriven for Julian. Han visste at eg gjekk frå Cyn og ville forlate Julian. Han køyrte for å sjå til Julian og sei adjø. Han hadde vore som ein onkel for guten. Og han kom opp med «Hey Jude». Men eg har alltid høyrt det som ein song til meg. No høyrest eg kanskje ut som desse tilhengjarane som les all slags ting inn i songar, men tenk; Yoko hadde akkurat kome inn i bilete. Han seier 'Hey Jude' – 'Hey John'. Ubevisst seier han 'Berre dra, forlat meg'. På det medvitne nivået ønskte han ikkje at eg forlet han. Engelen i han sa 'Velsigne deg'. Djevelen i han likte seg ikkje i det heile, fordi han ville ikkje miste ein partnar.»[4]

Akkurat som då han hadde skrive «Yesterday» gjekk McCartney stolt rundt og song songen til alle han møtte, tydelegvis ikkje nervøs for plagiat på denne tida. Eit medlem av gruppa Badfinger, det første bandet som vart gjeve ut på Apple Records, hugsa den første dagen deira der: «Paul gjekk over til pianoet og sa: «Hei gutar, høyr på dette!» Så sette han seg ned og gav oss ein komplett liveversjon av «Hey Jude». Vi mista munn og mæle.»[3][5]

Innspelinga[endre | endre wikiteksten]

The Beatles var fortrylla av kvaliteten til songen, og ønskte å kultivere best mogeleg innspelingsmiljø for songen. Dei prøvde så mange som 25 opptak av songen i Abbey Road Studio mellom 29. juli og 30. juli 1968, men forstod at dei trengde eit orkester for denne innspelinga. Då dei fekk høyre at det var ein åttesporsopptakarTrident Studios drog dei dit den 31. juli sidan den tilsvarande opptakaren på Abbey Road framleis vart testa.[6] Dei gjorde fleire innspelingar, men enda opp med å nytte den aller første.

Denne avgjersla var ganske merkeleg sidan trommene kom inn mykje seinare enn venta. Det viste seg at Ringo Starr hadde vore ein tur på toalettet og dei andre oppdaga ikkje at han var forsvunne, så dei starta å spele utan han. McCartney kom tilbake til denne episoden i 1994: «Det er ei fornøyeleg historie knytt til denne innspelinga. Ringo hadde gått på toalettet og eg merka det ikkje. Toalettet var rett ved sidan av der han sat. Eg trudde han framleis sat ved trommene. Eg starta med det som skulle verte den endelege innspelinga og «Hey Jude» held på i det uendelege før trommene kjem inn, og medan eg held på å spele høyrer eg Ringo spring forbi meg og kastar seg over trommestikkene. Boom, boom boom. Timinga hans var absolutt plettfri.»[7]

Den 1. august lagde George Martin eit arrangement for eit orkester på 36 som seinare vart miksa inn i opptaket. The Beatles spurte orkesteret om dei ville vere med på å klappe i hendene og synge med på refrenget. Dei fleste var med på det, bortsett frå ein som sa: «Eg vil slettes ikkje klappe i hendene og synge Paul McCartney sin bedritne song!» og storma så ut av studio.[8]

Det var ikkje den einaste episoden med misnøye den dagen. George Harrison ville gjere ein gitarsolo på songen, men McCartney gav han ikkje lov. McCartney sa seinare i 1985 at «eg hugsar eg bad George om å la vere å spele gitar på «Hey Jude». Han ville gjere nokre ekko-akkorder etter vokalfraseringane, men eg syntest ikkje det passa songen. Han vart misnøgd, og det var vanskeleg for meg å fortelje han det, han som var ein av dei beste, om ikkje å spele. Det var som ei fornærming. Men det var slik vi gjorde det meste av greiene våre.»[8][7]

At The Beatles valde det første opptaket vart merkelegare då Ken Scott, innspelingsassistenten, oppdaga at John Lennon hadde skrike det obskøne «fucking ’ell!» 2:58 ut i songane etter å ha missa på koringa. «Eg vart fortalt om det der og då men kunne ikkje høyre det, men etter at eg funne det er det ikkje til å unngå å høyre lengre. Eg har ein snikande mistanke at dei andre visste det heile tida sidan det var ei innspeling som skulle forkastast. Eg trur det er dei tinga som skjer – ein ærleg tabbe. Dei høyrde på bandet og tenkte at det betyr ikkje noko.»[5][9]

Ein umiddelbar klassikar[endre | endre wikiteksten]

Innspelinga vart gjort samstundes med innspelinga av dobbeltalbumet The Beatles, òg kalla Det kvite albumet, som kom ut same år. Songen var derimot heile tida meint for singel med «Revolution» som B-side.[6][10][11] Revolution var skriven tidlegare av John Lennon som ei A-side og ei kunngjering om krigen i Vietnam trass i at den avdøde manageren Brian Epstein hadde insistert på at krigen var eit ikkje-tema. Sidan songen ikkje var ferdigpolert og dei andre Beatles-medlemmene meinte at «Hey Jude» var eit betre alternativ, vart denne vald ut som A-side.

Lennon sa seinare: «Vi stara å verte ganske anspente. Eg hadde laga ei langsam utgåve av Revolution og ville ha han som singel som ei kunngjering om Vietnam og The Beatles sitt syn på temaet revolusjon. I alle år då vi turnerte hadde Brian stoppa oss frå å sei noko om Vietnam eller krigen. Og han tillet ingen spørsmål om teamet. Men då vi siste gang var ute på konsertturne sa eg at eg ville svare på spørsmål om krigen. Vi kan ikkje ignorere det. Eg ville absolutt at The Beatles skulle sei noko om krigen.»

Singelen kom ut i USA den 26. august 1968 på Appel Records, gjekk inn på hitlistene den 14. september der songen vart liggande dei nesten 19 vekene. To verker seinare gjekk songen opp på førsteplassen og vart verande der dei neste ni vekene.[12] Dette var den lengste tida ein Beatles-song hadde førsteplassen i USA.[13] Som nemnt tidlegare var han for lang for radio og The Beatles amerikanske plateselskap pressa på for å få laga ein eigen versjon tilpassa amerikansk radio.[12]

Sidan den amerikanske hitlista er basert både på sal og radiospelingar for A- og B-sidene kvar for seg vart «Hey Jude» lista på førsteplass og «Revolution» som nummer to. Fem månader etter singelen kom ut hadde han seld 3,75 millionar skiver. I dag har det vorte seld fem millionar eksemplar berre i USA.

I mellomtida hadde «Hey Jude» kome ut i Storbritannia fire dagar etter den amerikanske utgjevinga den 30. august. Han vart den vart den mestseljande debutsingelen for eit plateselskap nokon gong og selde åtte millionar utgåver over heile verda og tok førsteplassen på hitlistene i 11 forskjellige land.

Tekst og melodi[endre | endre wikiteksten]

I motsetnad til andre longe Beatles-songar, som «A Day in the Life», «Helter Skelter» og «You Never Give Me Your Money», er ikkje «Hey Jude» ein medley og har ikkje ekstra instrumentale mellomspel. Han består av ein ballade på tre minutt før ein fire minuttar lang allsong som består av dei same akkordane spelt om og om igjen. Songen tonar ut midtvegs i den siste delen og varer i bortimot to minuttar, men er ein av få tilsvarande songar der ei slik uttoning gjev meining for å gje uttrykk for det uendelege.

Den første halvdelen av songen er skriven som ein tradisjonell song med to overgangar der McCartney skiftar mellom å synge Let her into your heart følgd opp med Let her under your skin. Ved eit høve syng McCartney duett med seg sjølv, noko ein merkar medan den siste delen av songen der ei enkelfrase vert repetert mange gonger. Han nynnar melodien som kulminerer med at ved slutten av kvar syklus vert tittelen på songen og akkompagnerer seg sjølv med sprudlande vokale improvisasjonar som minner om James Brown. Midtvegs mot finalen i songen gjev blåseseksjonen til orkesteret melodien eit kontrapunkt, medan strykerseksjonen kjem inn seinare, nærast utan at ein kan høyre det, og held ein einsleg tone inntil songen tonar ut.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lowry, Todd. Lennon and McCartney Hits. Hal Leonard, 2002. s. 44 ISBN 0-534-03250-X
  2. Barry Miles (1997) Paul McCartney: Many Years From Now, s. 465 – Henry Holt & Company, New York. ISBN 0-8050-5249-6.
  3. 3,0 3,1 3,2 Craig Cross (2005) The Beatles, s. 367 – utgjevingsstad ikkje oppgjeven.
  4. Sheff (2000) All We Are Saying: The Last Major Interview with John Lennon and Yoko Ono, s. 186 – St. Martin's Press, New York. ISBN 0-312-25464-4.
  5. 5,0 5,1 Chris Hunt (2003). The Story Of Hey Jude. Mojo - Beatles Special.
  6. 6,0 6,1 Mark Lewisohn (1988) The Beatles Recording Sessions, s. 145 – Harmony Books, New York. ISBN 0-517-57066-1.
  7. 7,0 7,1 Barry Miles (1997) Paul McCartney: Many Years From Now, s. 466 – utgjevingsstad ikkje oppgjeven.
  8. 8,0 8,1 Lewisohn (1988) The Beatles Recording Sessions, s. 146 – utgjevingsstad ikkje oppgjeven.
  9. Craig Cross (2005) The Beatles, s. 368 – utgjevingsstad ikkje oppgjeven.
  10. Bob Spitz (2005) The Beatles: The Biography, s. 782 – utgjevingsstad ikkje oppgjeven.
  11. Ian MacDonald (1994) Revolution in the Head: The Beatles' Records and the Sixties, s. 242 – Henry Holt and Company, New York. ISBN 0-8050-2780-7.
  12. 12,0 12,1 Craig Cross (2005) The Beatles, s. 539 – utgjevingsstad ikkje oppgjeven.
  13. Craig Cross (2005) The Beatles, s. 604–605 – utgjevingsstad ikkje oppgjeven.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]