Hey You

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hey You
Song av Pink Floyd
frå albumet The Wall
Språk engelsk
Utgjeve 30. november 1979
Innspelt April-november 1979
Sjanger Progressiv rock, hardrock
Lengd 4:41
Selskap Harvest Records (UK), Columbia Records (US)/Capitol Records (US)
Komponist Roger Waters
Tekstforfattar Roger Waters
Låtskrivar(ar) Roger Waters
Produsent Bob Ezrin, David Gilmour, James Guthrie og Roger Waters

«Hey You» er ein song av det britiske bandet Pink Floyd laga av Roger Waters. Songen vart gjeven ut på albumet deira The Wall i 1979, og er første song på den andre plata av dobbeltalbumet. Songen er ikkje med i filmutgåva av albumet, fordi ein meinte at filmen ville bli for lang. Klippet som var meint for filmen kan ein derimot sjå som ekstramateriale på DVD-utgåva av filmen.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Songen opnar med berre ein akustisk gitar, og ein bass som liknar opninga av «Pigs (Three Different Ones)» som kjem inn like etter. Så kjem synthesizer, vokal og til slutt trommer. I midten av songen er det ein gitarsolo med hovudmelodilinja frå songen «Another Brick in the Wall». Etter dette kjem eit rolegare parti med berre synth, bass og trommer, så eit parti med berre synth og akustisk gitar, før bassen kjem inn på ny. På dette tidspunktet kan ein høyre kviskring i den venstre kanalen, før trommene kjem inn og siste verset startar. Rundt 3:23 ut i songen kan ein høyre ein sonarliknande lyd, som «ping»-lyden som startar «Echoes». Å bruke om att slike effektar var ganske vanleg for Pink Floyd. Generelt sett har songen ei kjensle av fortviling, som så mange andre songar på The Wall.

Tekst[endre | endre wikiteksten]

Som så mange andre songar på albumet fortel «Hey You» ein del av historia til hovudrolla Pink. Pink forstår at han no er fullstendig stengd ute frå samfunnet, og gjer eit forsøk på å få kontakt med omverda igjen. Muren hans stenger han derimot inne, og ingen kan høyre han, og kvart rop vert meir og meir desperat.

Fakta[endre | endre wikiteksten]

  • Etter 10 sekund kan ein høyre ein klikkelyd om ein skrur volumet høgt nok opp. Dette er mest sannsynleg trommestikkene til Nick Mason.
  • Songen skulle opphavleg plasserast mellom «Comfortably Numb» og «The Show Must Go On». Denne rekkefølgja vart brukt på demoutgåver, men vart endra før den endelege utgjevinga.
  • Songen har blitt spelt av det amerikanske bandet Dream Theater.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

med:

Personell per Fitch og Mahon.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Rock Compact Disc magazine, Issue 3, September 1992». Arkivert frå originalen 2. januar 2011. 
  2. Fitch & Mahon 2006, s. 89
  3. Fitch & Mahon 2006, s. 92