Heywood Island
| Heywood Island | |
| øy | |
| Land | |
|---|---|
| Øygruppe | Sør-Shetlandsøyane |
| stad | Antarktis |
| - koordinatar | |
| Lengd | 1,4 km |
| Breidde | 0,85 km |
| Areal | 78 ha [1] |
| Folketal | 0 |
| Administrert under | Antarktistraktaten |
Heywood Island er den største av øyane utanfor nordkysten av Robert Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Ho er 1,4 km lang og 850 meter brei med eit areal på 78 hektar.[1] Øya er isfri, låg og hesteskoforma, og på vestkysten ligg den 1 km breie Vrabcha Cove. Området vart ofte vitja tidleg på 1800-talet av engelske og amerikanske selfangarar som opererte frå nærliggande Clothier Harbour.
Øya er kalla opp etter kaptein Peter Heywood i RN (1773–1831), som var kaptein på HMS «Nereus» utanfor austkysten av Sør-Amerika i 1810-13, og tidlegare ein sjøkadett på HMS «Bounty» under kaptein William Bligh i RN.
Øya ligg 2,88 km vest-nordvest for Catharina Point på Robert Island, 2.24 km nordvest for Hammer Point på Robert Island, 470 meter nord-nordaust for Rogozen Island, 4,12 km nord-nordaust for Fort William på Robert Island og 5,35 km aust-nordaust for Table Island.
Sjå òg [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Heywood Island» frå Wikipedia på engelsk, den 4. november 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 L.L. Ivanov. Antarctic: Livingston Island and Greenwich, Robert, Snow and Smith Islands. Scale 1:120000 topographic map. Troyan: Manfred Wörner Foundation, 2009. ISBN 978-954-92032-6-4