Hi-Fi-utstyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Hi-Fi»-utstyr frå 1970-talet.

«Hi-Fi» (High-Fidelity) er eit engelsk omgrep som dukka opp på 1940-talet[1] og som opphavleg vart nytta om lydattgjevingsuttsyr som hadde betre kvalitet enn vanleg. Ei ordrett omsetting til norsk ville verta noko slikt som «høg naturlegheit», med dette omgrepet vert ikkje nytta på norsk. Derimot nyttar svenskane av og til omgrepet «høg naturtrogenhet». Utstyr som fyller krava til høg naturlegheit har flat frekvensrespons, lite støy, lite ulineær forvrengning og lite tidsrelaterte feil (wow, flutter, jitter). På grunn av at omgrepet «Hi-Fi» har vorte misbruka i reklamen[2] vart det «utvatna» og det vert ikkje lenger forbunde med kvalitet.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Nixon, G.M., “Higher Fidelity” in sound transmission and reproduction, J. Acoust. Soc. Am., bind 17, nr 2, okt. 1945, ss. 132-135.
  2. Berk, D.M., The consumer's viewpoint on high fidelity, J. Audio Eng. Soc., bind 3, nr 4, 1957, ss. 190-194.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]