Høgskolen i Gjøvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå HiG)
Gå til: navigering, søk
Høgskolen i Gjøvik
Grunnlagt 1994
Type Statleg høgskole
Rektor Jørn Wroldsen
Stad Gjøvik
Studentar 2600
Tilsette 280
Nettstad www.hig.no

Høgskolen i Gjøvik (HiG) vart etablert 1. august 1994 og har i dag omkring 2600 studentar og 280 tilsette. Høgskolen er ein av 24 statlege høgskolar i Noreg og er eit resultat av at to statlege høgskolar på Gjøvik vart slått saman som ein del av Høgskolereformen i 1994. Dei to samanslåtte skolane var Gjøvik ingeniørhøgskole og Sykepleierhøgskolen i Oppland. Skolen ligg på Kallerud, ca. ein kilometer sørvest for Gjøvik sentrum.

Høgskolen tilbyr fag- og profesjonsstudium innan helse, IT, teknologi, media, økonomi og leiing. Desse kan takast i varierande lengder frå halvårseiningar til bachelorgradar, mastergradar og enkelte doktorgradstudiar, i tillegg til ei rekke kurs-, etter- og vidareutdanningar.

Høgskolen sine tre avdelingar er:

  • Avdeling for helse, omsorg og sjukepleie
  • Avdeling for informatikk og medieteknikk
  • Avdeling for teknologi, økonomi og leiing (tidl. Avdeling for ingeniørfag)

Høgskolen tilbyr internasjonalisering av studiar. Det er mogleg å ta delar av den ordinære utdanninga i utlandet, eller ein kan halde fram med utdanninga i utlandet etter enda studiar på HiG.

Sjå òg [endre]

Bakgrunnsstoff [endre]