Hic Rhodus, hic salta!

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Illustrasjon til «Hic Rhodus, hic salta!» frå 1480-talet.

Hic Rhodus, hic salta! tyder «Her er Rhodos, hopp her!» og er eit sitat frå den latinske omsetjinga av Æsop-fabelen «Storskrytaren». Ein idrettsmann fortel at han ein gong gjorde eit rekordhopp på øya Rhodos, og no vil han skaffa vitne på at det er sant. Ein av tilhøyrarane svarar: «Dersom det er sant, er det ikkje turvande med vitne. Her er Rhodos, hopp her!»