Hideharu Miyahira

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hideharu Miyahira


Statsborgarskap Japan
Fødd 23. desember 1973 (50 år)
Otaru
Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 2002

Hideharu Miyahira (fødd 21. desember 1973) er ein japansk tidlegare skihoppar frå OtaruHokkaido. Han fekk sølv i normalbakken og bronse i storbakken under ski-VM 1999, der han også var med på Japan sitt lag som vann sølv i laghopp. Fire år seinare vann han ein ny VM-bronse for Japan i laghopp.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Miyahira debuterte i verdscupen 22. januar 1994 i Sapporo, utan å imponere det minste. Fyrst i 1996/97-sesongen fekk han delta i verdscuprenn utanlands, der ein ellevteplass i Oberstdorf var hans beste prestasjon. Han deltok i skiflygings-VM 1998 i Oberstdorf, men kom derimot ikkje med på laget til vinter-OL 1998 i Nagano. Ein niandeplass i eit verdscuprenn i Sapporo var hans beste plassering i OL-sesongen.

I 1999 var Miyahira derimot i sitt livs form. Under den tysk-austerrikske hoppveka oppnådde han sine første pallplasseringar i verdscupen med tredjeplassar i Innsbruck og Bischofshofen. Han vart også tredjemann samanlagt. I VM 1999 i Ramsau tok han sølv i normalbakken, berre slått av landsmannen Kazuyoshi Funaki. I lagtevlinga i storbakken fekk han eit nytt sølv, då som ein av fire på det japanske hopplaget. Han sikra seg så ein bronsemedalje i storbakken, bak tyskarane Martin Schmitt og Sven Hannawald. I sesongavslutninga i Planica tok han sin fyrste og einaste siger i verdscupen. Denne sigeren sikra han samtidig femteplassen i verdscupen 1999.

Sesongen etter, 2000, var fire femteplassar hans beste resultat i verdscupen. Også dei to neste sesongane sleit han med å nå dei lengdene som den absolutte verdseliten kunne prestere. Utover i 2003-sesongen kunne han atter tevle opp mot dei aller beste i verda, tre gongar kom han på pallplass i verdscupen, med ein andreplass i Willingen som høgdepunkt. Under VM 2003 i Val di Fiemme var Miyahira med på det japanske laget som tok sølvmedalje i laghoppinga, og han vart nummer fire og fem i dei individuelle renna.

Miyahira makta ikkje å hevde seg mellom dei beste i verda i sesongane 2004 og 2005. Etter han ikkje kom med på Japans representasjonslag i 2006, lag han opp som skihoppar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]