Hieronymus Heyerdahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hieronymus Heyerdahl med Nordstjerneordenen og Dannebrogordenen på brystet. Måleri av Christian Olsen etter ein miniatyr. Måleriet tilhøyrer Eidsvoll 1814.
Frå DigitaltMuseum

Hieronymus Heyerdahl (31. august 17736. mars 1847) var ein prest og stortingsmann.

Heyerdahl var fødd i Aremark, der far hans var sorenskrivar. Han gjekk på latinskulen i Kristiania, vart student i 1790. I 1794 fullførte han si teologiske utdanning og vart cand. theol. Året etter personleg kapellan i Ringsaker, frå 1799 i lik stilling i Kongsberg. I 1800 utnemnd til residerande kapellan i Toten. Her var han 1804-08 samstundes styrar for eit lærarseminar, einelærar 1804-07. I 1811 oppheldt han seg i København og søkte på embetsstillingar. I 1812 vart Heyerdahl utnemnd til sokneprest i Stjørdal. I dette embetet vart verande i 23 år, til han i 1835 vart sokneprest i Gran.

Heyerdahl var utsending frå Nordre Trondhjems amt til riksforsamlinga i 1814. Han slutta seg til sjølvstendepartiet, sat i konstitusjonskomiteen.

Heyerdahl var ein dei fremste opplysningsprestane. Ved sidan av prestegjerninga studerte han mineralogi medan han budde i Kongsberg og botanikk i Stjørdal. Dessutan var han ein flink jordbrukar. Han føretok ei rekke vitskaplege undersøkingar, nokre av desse vart publisert.

Han døydde på prestegarden i Gran.

Biblografi [endre]

  • Bidrag til en mineralogisk-geognostisk Beskrivelse over Ringsagers og Totens Præstegjelde, 1811

Kjelder [endre]

Bakgrunnsstoff [endre]