High Plains

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fysisk-geografiske regionar i USA. High Plains er avmerkt i gult i midten, som nummer 13d.

High Plains er eit område i vestre delen av Great Plains sentralt i USA. Det er eit sletteområde med ei høgd på mellom 350 moh. i aust til over 2 400 meter i vest. Området dekkjer søraustlege Wyoming, austlege Colorado og New Mexico, sørvestlege Sør-Dakota, vestlege Kansas, Oklahoma og Nebraska, sentrale og austlege Montana og nordvestlege Texas. Området har ein av dei lågaste folketettleikane i USA, men har stor jordbruksproduksjon.

High Plains har eit tørt innlandsklima med mykje solskin og moderat nedbørsmengd. Det har lite luftfukt og mykje vind. Sidan 1880-åra har High Plains vore brukt til jordbruk, og står for ein god del av jordbruksproduksjonen i USA. Jordbruket er avhengig av irrigasjon.

I dag er litt over 40 % av jorda brukt til jordbruk, og ein dyrkar typisk bomull, kveite, mais, durra, lusern, peanøtter og soyabønner. Ein driv også med storfe- og griseavl. I 1997 utgjorde avlingane frå High Plains 19 % av kveite- og bomullsproduksjonen i USA, 15 % av mais- og 3 % av durraproduksjonen. Området stod også for 18 % av storfeproduksjonen.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Fram til 1916 var «High Plains» det vanlegaste namnet for det større området ein no kjenner som «Great Plains». I dag er High Plains rekna som ein mindre del av Great Plains.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]