High Wycombe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

High Wycombe

High Wycombe Guildhall, i enden av High street
High Wycombe Guildhall, i enden av High street
Plassering
High Wycombe ()
High Wycombe
High Wycombe
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Buckinghamshire
Distrikt Wycombe
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2007)

81 848
Koordinatar 51°38′″N 0°45′″WKoordinatar: 51°38′″N 0°45′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer HP10-15
Telefon-retningsnummer 01494
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: High Wycombe

High Wycombe, (tidlegare Chepping Wycombe eller Chipping Wycombe fram til omkring 1911 [1]) er ein by i den sørlege delen av Buckinghamshire i distriktet Wycombe i England. Byen ligg knapt 50 km nordvest for London; På Corn Market-bygnigen i sentrum av byen er avstanden på 29 miles inngravert. Byen har i overkant av 80 000 innbyggjarar. Wycombe er delvis ein industriby og marknadsby for dei omgjevande landdistrikta, og byen har hust ein marknad på High Street sidan mellomalderen. Sidan 1600-talet har industrien vore den dominerande økonomiske faktoren i byen. Folkesetnaden i Buckinghamshire er av dei rikaste i heile Storbritannia, [2] men likevel finst det i Wycombe fleire relativt fattige område.[3]

[endre] Historie

Namnet på byen er avleidd av elva Wye og det gammalengelske ordet for ein skogkledd dal, combe. Byen er første gong nemnd i historiske kjelder i 970 som Wicumun, og seinare er han nemnd i Domesday Book, på det tidspunktet hadde han seks møller. Omkring år 2 evt. var det ein romersk villa på staden, som fleire gonger er utgraven, seinast i 1954; her vart det mellom anna funnen mosaikkar og badhus. Under den engelske borgarkrigen vart det utkjempa eit mindre slag i nærleiken av High Wycombe. Den seinare statsministeren Benjamin Disraeli budde i byen.

[endre] Kjelder

[endre] Bakgrunnstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: High Wycombe
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk