Highwire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Highwire»
Singel av the Rolling Stones
frå albumet Flashpoint
Utgjeve 1. mars 1991
Innspelt Januar 1991
Sjanger Rock
Lengd 4:46
Selskap Rolling Stones/Virgin
Låtskrivar(ar) Jagger/Richards
Produsent Chris Kimsey & The Glimmer Twins
the Rolling Stones-kronologi
«Terrifying»
(1990)
«Highwire» «Ruby Tuesday»
(1991)

«Highwire» er ein song av the Rolling Stones som vart gjeven ut på konsertalbumet deira Flashpoint frå 1991.

Songen er skriven av Mick Jagger og Keith Richards og er ein av få politiske songar som Stones skreiv, ein kommentar om Golfkrigen. Jagger har sagt at songen ikkje er om sjølve krigen, men om korleis krigen starta[1]

Teksten omhandlar opptakten til krigen og kritiserte politikken som låg bak:

« We sell 'em missiles, We sell 'em tanks; We give 'em credit, You can call the bank; It's just a business, You can pay us in crude; You love these toys, just go play out your feuds; Got no pride, don't know whose boots to lick; We act so greedy, makes me sick sick sick  »
« We walk the highwire; Sending the men up to the front line; Hoping they don't catch the hell fire; With hot guns og cold, cold nights  »

«Highwire» vart gjeven ut som singel frå albumet 1. mars 1991. Han nådde 29. plass på den britiske singellista, fjerdeplass i Noreg og 57. plass i USA. Det vart laga ein musikkvideo til songen som syner bandet som spelar songen i ein industriell setting.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Highwire». Time Is On Our Side. http://timeisonourside.com/SOHighwire.html. Henta 27. mars 2009.