Hilbre Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 53°23′ N 3°13′ W

Hilbre Island

Hilbre Island er den største av tre øyar ved munningen av elva River Dee nær Wirralhalvøya i England.

Hilbre Island er om lag 5 hektar stor og ligg 1,6 km frå Red Rocks på Wirralhalvøya. Dei to andre øyane er Middle Eye og Little Eye. Øyane er tidvassøyar og ein kan gå tørrskodd til dei når det er fjøre. Det står eit par hus på Hilbre Island, medan dei to andre ikkje er busette. Det står eit lite fyr på øyane frå 1927.

Øya er kalla opp etter eit kapell som vart bygd her i mellomalderen, tileigna St. Hildeburgh. [1] Ein meiner at øya har vore busett sidan steinalderen. Rundt 1080 vart det oppretta ei lite kloster på øya. Den siste munken forlet øya rundt 1550. I 1692 vart det sett opp ein liten fabrikk for å raffinere bergsalt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Stephen J. Roberts, A History of Wirral, 2002, ISBN 978-1-86077-512-3

Koordinatar: 53°22′32″N 3°13′3″W