Hilde Hagerup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hilde Hagerup

Hilde Hagerup (fødd 26. februar 1976) er ein norsk forfattar fødd i Tromsø. Ho er dotter av forfattaren Klaus Hagerup, Helge Hagerup var onkelen hennar og Inger Hagerup var bestemor hennar.

Etter barndom og ungdomstid i Fredrikstad drog Hilde Hagerup til Storbritannia, der ho m.a. har studert historia til den tredje verda ved University of London. Bøkene til Hagerup har fått stor merksemd og anerkjenning og er utgjevne i Danmark, Sverige, Island, Litauen, Tyskland, Frankrike, Thailand, Finland, Nederland og Kroatia.

Hilde Hagerup har også skrive ein biografi om Agatha Christie, fleire noveller samt skodespelet Kolibri. I 2005 kom romanen Lysthuset, den fyrste boka hennar for vaksne. I tillegg til sine eigne bøker har ho bidrege med noveller i ei rekkje antologiar.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Bølgebiter (1998)
  • Høyest elsket (2000)
  • Agatha Christie: en biografi for ungdom (2001)
  • Løvetannsang (2002)
  • Ikke mat sjimpansene (2004)
  • Lysthuset (2005)
  • Bittet (2007)
  • Jeg elsker deg (2009)
  • Alt som er galt med Georg (2010)

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]