Hillél

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre personar som heitte Hillél, sjå Hillel (fleirtyding)

Inngang til Hillel si grav, ca 1900.

Hillél (ca 70 fvt.10 evt.), eller Hillél hazzakén (Hillél den eldre) var ein jødisk religiøs leiar og lærar som levde i Herodes si tid. Han er ein av dei mest vørdte historiske figurane i jødedommen.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Hillél var født i Babylonia i det 1. hundreåret fvt. Familien hans var ætta frå Kong David men var ikkje veldig rik. Hillél sin bror, Sjebná, var handelsmann, men Hillél var sjølv meir interessert i å studera jødedom. Då han var 40 år gammal reiste han til Jerusalem for å studera med Sjemajá og Abtalión, som var dei to meste vidgjetne jødiske lærarane («darsjaním») i dei dagane.

Talmúd bablí, Jomá 35b fortel at Hillél blei dagarbeidar i Jerusalem og brukte halve lønna si til å betala inngangsavgifta i det talmudiske akademiet. Ein dag hadde han ikkje nok pengar. Han klatra opp på taket og låg nær eit vindauge for å høyra på Sjemajá og Abtalión sine talar. Det byrja å snø, og Hillel blei snart heilt dekt av snø som fraus over han. Den neste morgonen var det sjabbát. Då Sjemajá og Abtalión kom til Akademiet, la dei merke til at det var mørkare enn vanleg. Dei gjekk ut og såg at Hillél låg frosen på taket. Sjølv om at det var sjabbát tok dei han inn og lauga han — for ein slik mann, sa dei, er det høveleg å sulka sjabbáten.

Hillél blei snart den fremste av alle studentane. Kort tid etter at Sjemajá og Abtalión døydde løyste Hillél eit vanskeleg spørsmål om offerriten. Kunna hans var så djup i dette høvet at alle leiarane av akademiet, Bene Bathyra, gjekk av til fordel for han. Han blei kjent som den høgaste av alle farisearane, og var i praksis andeleg leiar over alle jødar i resten av livet sitt.

Jødisk tradisjon seier at Hillél levde i 120 år: førti år i Babylonia, førti år som student i Jerusalem, og førti år som leiar, men ein trur at det er på grunn av vekta på talet førti i jødedommen.

Hillél som jurist[endre | endre wikiteksten]

Hillél var den fremste juristen og tolkaren av jødisk tradisjon i si tid. Han ordna medrásj og halakhá. Dei moderne jødiske uttydingsreglane er baserte på dei sju reglane han sette opp då han løyste ordstriden om offerriten.

Hillél sine domsseiingar viser at han var veldig oppteken med trivselen til folket sitt. Jødiske lovar sa at all gjeld måtte forlatast i sjemittá-året, eller sabbatsåret. Regelen fanst i utgangspunktet for å hjelpa dei fattige, men det verka slik at dei blei skada fordi ingen ville låna pengar til dei når eit sabbatsår var nær. Hillél kom imellom denne tilstanden med eit nytt lovdokument, prozbúlen.

Ein prozbúl er ei semje som fører ei gjeld over til den jødiske domstolen (bet din). Jødisk lov forlèt berre gjeld som ein skuldar til menneske, ikkje gjeld som ein skuldar til domstolen. Domstolen kunne deretter føra gjelda over til kven som helst, og gje dei heimelen til å krevja henne inn. Slik verna prozbúlen kravsmannen imot tap, og gjorde det mogleg for dei fattige å låna pengar.

Hillél som religiøs leiar[endre | endre wikiteksten]

Ei statue av Hillél på menoraen ved Knesset.

Hillél grunnla «Bet Hillél», ein av dei to skulane som rådde med fariseisk jødedom i dei 1. og 2. hundreåra. Toráen og tradisjonen var viktige fordi det var slik at menneske kunne leva for Gud. Men det tydde ikkje at vanlege ting berre var ergeleg attåtarbeid på vegen til det heilage, som mange trudde. For Hillél var det viktig å setja saman det vanlege med det heilage, slik at ein levde det daglege livet med kjensle for kjernen av heilagdom som fanst i alt. Talmúd sa om Hillél at «alt han gjorde var for himmelens skuld» (Talmúd bablí, Besá 16a).

Hillél sine tankar står i motsetnad til tankane til Sjammai den eldre. Sjammai stod på strenge og plente tolkingar av halakhá og den jødiske tradisjonen. For Hillél var føremål viktigare enn for Sjammai, og Hillél tykte derfor betre om mildare tolkingar. Sjammai, til dømes, sa at på dommedagen skal menneske bli delte opp i tre grupper. Den første er dei som er rettvise, som skal gå opp til himmelen med ein gong. Den andre er dei som er heilt urettvise, som skal bli dømt til Gehinnom. Dei tredje er imellom, og dei skal først bli dømt til Gehinnom, og så skal dei skrika ut og bli henta opp. Men Hillél sa berre «Den som er Nådemeisteren vil vise nåde.»

Hillél sitt omsyn til ånda i jødedom viser seg i mange hendingar som blir fortalte i Talmúd. Ein utlending kom ein gong til Sjammáj og sa at han ville bli jøde, men berre om Sjammáj kunne læra han den jødiske loven «medan han stod der på éin fot». Sjammáj blei sint og jaga han vekk. Så drog mannen til Hillél og sa det same til han. Hillél omvendte han med ein gong, og sa til han: «Det som du misliker, gjer ikkje det mot nesten din. Dette er heile lova; resten er merknader. Gå no og lær!»

I mange år var det ein ganske stor strid mellom Bet Hillél og Bet Sjammai. Men i året 90 dømde ei forsamling av jødiske religiøse leiarar at der Bet Hillél og Bet Sjammai var ueinige måtte ein følgja Hillél sine tankar.

Hillél sine epigram er blant dei beste kjente i jødedommen. I den talmúdiske traktaten Pirké abót er det fleire utsegner av Hillél enn av nokon som helst annan. Studentane hans var dei første som fekk tittelen «rebbí».

Hillél som person[endre | endre wikiteksten]

Mange jødiske historier snakkar om Hillél sine dygder. Talmúd skildrar han som sinnbilete på tolmod. Det blir mellom anna fortalt om ein gong då ein mann prøvde å få Hillél til å bli sint med mange irriterande og krenkjande spørsmål, men Hillél svara på dei alle med sinnsro og høfleg framferd. Han var trufast mot Toráen og jødisk lov og tradisjon. Han sette pris på ein fredeleg livsførsel. Han var ein overteljande lærar, som var glad i alle menn og hadde djup tru på Gud.

Ei historie viser rausleiken som Hillél og familien hans levde på. Ein gong fekk Hillél vitjing frå ein stormann, og kona hans laga ein stor måltid for han. Men så såg ho ein fattig mann som låg på gata i fillete klede. Ho gjekk ut og gav han all maten ho hadde laga.

Folk hadde så stor vyrdnad for Hillél som person at Herodes også kunne ikkje gjera noko imot han då han nekta å sverja lydnad til Herodes. Men trass i det var han mild, audmjuk og kjærleg.

Hillél si vekt[endre | endre wikiteksten]

Jødisk tradisjon seier at Hillél og andre jødiske leiarar ein gong var samla i Jeriko. Plutseleg kom ei røyst frå himmelen: «Mellom dykk her er ein som den heilage anden kunne ha vore med om denne tida var verdig.» Alle vendte blikket mot Hillél.

Det er ikkje berre ein lovtale. Det er liten tvil om at Hillél påverka den jødiske livstilen i stor grad, og at den jødiske tradisjonen ser han som eit sinnbilete på korleis ein religiøs leiar må framføre seg. Han sette den jødiske tradisjonen fri frå bokstavleg og streng tolking, og gav jødedom styrken til å overleva alle vanskane som religionen måtte takla i framtida.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]