Hillary Clinton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hillary Rodham Clinton

Hillary Diane Rodham Clinton (fødd 26. oktober 1947) er ein amerikansk demokratisk politikar og utanriksminister i administrasjonen til president Barack Obama. Clinton er gift med tidlegare president Bill Clinton, og var USA si førstedame i frå 1993 til 2001. Ho er den første tidlegare førstedama som har stilt til val.

Familiebakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Hillary Rodham vart fødd i Chicago i Illinois og oppdregen av dei metodistiske foreldra sine i Park Ridge i same delstat. Faren, Hugh Rodham sr., son av engelske innvandrarar, var forretningsmann i tekstilindustren i Scranton i Pennsylvania, og mora, Dorothy Emma Howell Rodham, var heimeverande. Hillary har to yngre brør, Hugh og Tony Rodham.

Hillary Rodham og Bill Clinton gifta seg i 1975 i Fayetteville i Arkansas. Ho brukte jentenamnet sitt fram til 1982. Ekteparet har ei dotter, Chelsea Clinton, som er fødd i 1980.

Utdanning og arbeid[endre | endre wikiteksten]

Hillary Clinton tok ein lågare grad i historie ved Wellesley College i Massachusetts i 1969, og er utdanna jurist ved Yale University i 1973.

Hillary Rodham var lenge advokat i advokatfirmaet Rose i Little Rock, på same tid som ho underviste ved rettsfakultetet ved University of Arkansas i Fayetteville. I 1974 fekk ho dei første erfaringane sine med hovudstadspolitikk då ho var juridisk rådgjevar for justiskomiteen i det amerikanske representanthuset. Ho var då med i ein krets som sette saman materiale for ein riksrettssak mot president Richard Nixon på grunn av Watergateaffæren.

Då mannen hennar blei vald til guvernør for Arkansas i 1979, slutta Hillary Rodham som jusprofessor.

Førstedame[endre | endre wikiteksten]

Familien Clinton flytta inn i Det kvite huset i 1993, og Hillary Clinton blei leiar av ei gruppe som skulle reformera helsevesenet i USA. Dei djuptgripande forslaga til gruppa blei aldri vedtekne.

Senator[endre | endre wikiteksten]

Hillary Clinton vart vald som senator for delstaten New York den 7. november 2000 med 55 % av stemmane. Ho sat i fleire fagkommitear, mellom anna forsvarskommiteen.

Presidentkandidat-kandidat[endre | endre wikiteksten]

Clinton var favoritt til å verte det demokratiske partiet sin kandidat til presidentvalet i 2008, og flagga dette de facto 20. januar 2007. Ho tapte derimot kappløpet mot senator Barack Obama.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • It Takes a Village and Other Lessons Children Teach Us1996
  • Living History2003 (sjølvbiografi)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hillary Clinton