Himmelbrev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dansk himmelbrev. Thiele boktrykkeri, København, 1770.
Foto: Arild Nybø
Eit himmelbrev datert til 1817 prenta i Sivert Aarflot sitt trykkeri på Ekset i Volda.
Foto: Atle Råsberg

Himmelbreva høyrer heime i ein folkeleg, religiøs, litterær tradisjon. Dei har truleg sitt opphav i dei apokryfe evangelia, og der er dokumentasjon på himmelbrev tilbake til tidleg mellomalder. I følgje tradisjonen skulle breva ha guddommeleg opphav, forfatta av Gud sjølv eller Kristus. Dei skulle vere komne til jorda med eit himmelsk sendebod, til dømes ein engel, eller ha falle ned frå himmelen. I mange tilfelle skulle ein namngjeven person ha motteke brevet i eit syn eller ei openberring saman med påbod om å gjere opphav og innhald i brevet kjende for alle.

Det eldste danske himmelbrevet stammar frå 1648. Breva vart kopierte og spreidde, og ettersom trykkekunsten utvikla seg utover på 15- og 1600-talet vart himmelbreva meir og meir vanlege. Berre i Danmark kjenner ein til over 30 ulike utgåver av himmelbrev, og på Holbergs tid var dei svært vanlege der. I Holberg-komedien Barselstuen kjem det fram at himmelbrev må ha vore ei viktig inntektskjelde for boktrykkarar. I Norge var dansktrykte himmelbrev for sal, og vel kjent er eit himmelbrev trykt i København i 1770 av boktrykkar Thiele. Sivert AarflotEkset i Volda trykte lett modifiserte kopiar av Thielebrevet i 1811, 1817, 1821 og 1843. På Jølstramuséet ligg ein kopi av eit danske himmelbreva frå ca 1720. Det er eit opptrykk frå Fr. D. Beyer i Bergen frå midt på 1800-talet. Privatpersonar kopierte òg himmelbrev for hand og bar dei med seg som ein lukkeamulett. Himmelbrev kunne også verte kopierte og t.d. limt inn under loket på reisekister (kistebrev), eller dei kunne verte innramma og plasserte godt synleg i heimen.

Innhaldet i himmelbreva varierer ikkje særleg mykje. Det vert framfor alt åtvara mot konkrete synder, og oftast vert brot på bodet om å halde kviledagen heilag nemnd. Breva kan verke trugande når dei innskjerpar påbodet om å respektere dei ti bodorda og elles leve eit liv i samsvar med Guds vilje, men seier òg at anger og bot vil gje velsigning og frelse. Vidare vert det understreka at eit himmelbrev vil verne eigaren eller den som ber det med seg mot det som vondt er.

Himmelbreva kan i så måte minne om kjedebreva i vår tid: Dersom eigaren lever etter Guds vilje og formidlar bodskapen i brevet vidare, vil dette verne mot ulukker, brann, sjukdom og død. Bryt han derimot kjeda, og ikkje vidareformidlar bodskapen kan det gå han ille. Mange kunne av den grunn sjå på himmelbrevet som ei livsforsikring. Soldatar bar med seg himmelbrev til vern mot død og ulukker. Ein skal heller ikkje sjå bort frå at folk med eit levebrød der arbeidet lett kunne koste dei livet, t.d. fiskarar og sjøfarande, bar med seg eit himmelbrev inst ved brystet.

I dag kan ein spørje seg om himmelbrev har teke ny meining. Under allehelgensgudtenesta i Lommedalen kyrkje i 2011 var himmelbrev ein del av gudstenesta. Etterlatne skreiv brev til avdøde slektningar, breva vart deretter brende og slik symbolsk sende til mottakarane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]