Hinckley

Koordinatar: 52°32′N 1°22′W / 52.533°N 1.367°W / 52.533; -1.367
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hinckley

Plassering
Hinckley is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Leicestershire
Distrikt Hinckley and Bosworth
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

43 246
Koordinatar 52°32′N 1°22′W / 52.533°N 1.367°W / 52.533; -1.367
Diverse annan informasjon
Postnummer LE10
Telefon-retningsnummer 0 1455
Commons har multimedium som gjeld: Hinckley

Hinckley er ein by i det sørvestlege Leicestershire i England. Han er administrasjonssenter for distriktet Hinckley and Bosworth, og har 43 246 innbyggjarar (2001). Byen ligg ved motorvegane M69 og M1.

Tradisjonelt har byen vore eit sentrum for strømpeproduksjon. Motorsykkelprodusenten Triumph har òg etablert seg der. Ashbykanalen renn gjennom byen.

Fotballaget i byen er Hinckley United, som vart grunnlagt i 1997 då dei to lagane Hinckley Town og Hinckley Athletic slo seg saman.

Like ved byen ligg staden der slaget ved Bosworth vart utkjempa. Byen er nemnd i William Shakespeare-stykkeet Henrik IV (del 2, akt 5, scane I).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]