Hindu Love Gods

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hindu Love Gods
OpphavUSA
Aktiv19841990
SjangerBlues
Alternativ rock
Rock
Tilknytte artistarWarren Zevon
R.E.M.
PlateselskapGiant Records
MedlemmerWarren Zevon
Peter Buck
Mike Mills
Bill Berry

Hindu Love Gods var eit kortliva amerikansk bluesband som bestod av tre fjerdedelar av R.E.M. (alle utanom voklaist Michael Stipe), i tillegg til Warren Zevon. Det vart starta i Athens i Georgia i USA i 1984, og dei opphavlege bandmedlemmene var Peter Buck (gitar), Mike Mills (bass), Bill Berry (trommer), i tillegg til Warren Zevon på vokal og piano. Desse bandmedlemmene gav ut éin singel, «Narrator», utan særleg suksess.

Buck, Mills og Berry vart med Zevon på albumet hans, Sentimental Hygiene (1987). Under ei natteslang økt der dei brukte attverande studiotid etter at albumet til Zevon var ferdig, spela dei fire inn ti coverlåtar, for det meste blues. Sjølv om desse eigentleg ikkje var tenkt utgjevne, vart dei seinare utgjevne av Giant Records på albumet Hindu Love Gods (1990). Songen som fekk mest merksemd av desse, var ein rockversjon av «Raspberry Beret», ein populær song av Prince frå 1985, som nådde 23. plass på Modern Rock-listene.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]